Søk i arkivet

– Der må vere eit planhierarki

Viss regjeringa seier at Noreg skal ha havbruk som ei satsingsnæring, må dette fylgjast opp gjennom tilrettelegging i kommunane. Dette sa varaordførar i Kvam, Atle Naterstad, under konferansen “Havbruk 2020 også i norske fjorder?”.

Oppmøtet var godt og klimaet konstruktivt under konferansen på Hardanger Akvasenter 13. september. Ordførarane frå Kvam, Ulvik, Eidfjord, Ullensvang, Odda og Jondal, samt fylkesvaraordførar i Hordaland, Mona Hellesnes, var tilstades og deltok i ein avsluttande paneldebatt leia av Nils Inge Hitland frå SG.

Det var under denne debatten at varaordførar Naterstad tok ordet frå salen og minna om det ansvaret han meinar ligg i å fylgje opp nasjonale strategiar lokalt. Han meinar det tenar lite å legge store overhengande planar om ein ikkje legg tilrette i kommunane. “Der må vere eit planhierarki i landet”, sa han. Naterstad la og vekt på at lokaleigde selskap var meir velkomne enn store aktørar.

Nokre av kommunane ved Hardangerfjoden har i dag ikkje oppdrettsaktivitet i sjø, og ville ikkje utan vidare opne for dette før eventuell ny teknologi er på plass. Den såkalla frys-forskrifta har i mange år hemma utviklinga av næringa i Hardangefjorden. Forskrifta kom på plass, som regiondirektør for Fiskeridirektoratet Vidar Ulriksen påpeika; “etter at ein hadde opplevd at alle som dreiv med oppdrett i Hordaland ynskte å flytte produskjon inn i denne veleigna fjorden”. Det var såleis ikkje veksten til dei opprinnelege aktørane i fjorden som førte til dette grepet.

Tekst: Øyvind Kråkås