Søk i arkivet

2 helgar, 500 kilo røykelaks

Gro og Elin Tveit Sveen er ekte handverkarar i lakseforedling. I tillegg er dei dyktige seljarar. Dei fleste helgane denne sommaren har dei stått på stands rundt om i landet og presentert produkta sine for fleire titals tusen menneske. Og folk set pris på laksen.

Nokre meinar at lakseprodusentar kjem lett til pengane. Det er ikkje holdninga til damene frå Svanøy. Familien Sveen produserar matfisk i verksemda Marø Havbruk. Dei slaktar laksen i Florø, for så å ta eit utval av fisken attende til Svanøy for foredling på Svanøy Røykeri. Laksen vert seld i daglegvareforretningar, gjennom nettbutikken eller direkte til kundar på festivalar.

Der er ikkje mange helgar denne sommaren der Gro og Elin ikkje har vore og finne på ein eller annan festival. Laksens Dag i Florø, Havfiskefestivalen i Måløy, Kjerringtorget i Nesbyen, Matfestivalen i Bergen og Matstreif i Oslo. Alle har dei hatt besøk av damene og laksen deira. Og det går unna på produkta.

På dei to sistnemnde og største festivalane selde dei totalt 500 kilo røykelaks, og delte i tillegg ut 30 kg smaksprøvar. Dei presenterar 4 variantar av røykelaks og 1 type gravlaks. – Vi har prøvd med fleire variantar tidlegare, men etterspurnaden etter smaksprøvar blir så stor at vi ikkje rekk å ta oss av salet, seier Gro Tveit Sveen.

Mange spør sjølvsagt om laksen er røykt på ekte einer, eller om det er olje som er brukt. Då kan dei svare at sjølvsagt er det ekte einer, til overmål einer som dei sjølve hentar i marka på Svanøy. Til liks med laksen dei nyttar er den altså fostra lokalt og handplukka. Der vankar og mange spørsmål kring oppdrett av laks. Medisinbruk, lus og fôret fisken får er mellom dei mest aktuelle emna.

– Eg vil påstå vi i løpet av desse dagane slår i hel veldig mange myter, og at veldig mange har fått korrigert oppfattinga dei har om oppdrettsnæringa. Og det at vi heilt “vanlege” jordnære damene står der som representantar for næringa, gir eit anna inntrykk enn det mange trur; at lakseoppdrett kun er eigd av storkapital og børs, seier Elin Tveit Sveen. Det er ho som er oppdrettaren, og til dagleg driv med matfiskproduksjon saman med ektemannen Trond. Dottera Gro driv røykeriet, som no er i ferd med å gjennomgå ei større utbygging.

Har du og lyst til å prøve Svanøylaksen? Besøk Svanøy Røykeri sin nettbutikk

Tekst: Øyvind Kråkås