Søk i arkivet

Vosso kan bli gjenopna neste år

Prøvefisket i Vossovassdraget ga 57 storlaksar på berre nokre få timar. Arbeidet med å restaurere elva som lakseelv ser dermed ut til å ha lukkast. No kan elva bli opna for fiske att frå neste sesong av.

Vossolaksen er kjend som spesielt stor fisk, og tidleg på åttitalet var fangstane i vassdraget fantastiske. Men etter det som nærast var ein kollaps, vart elva freda for fiske i 1992.

– Ingen har fasiten på hvorfor laksen ble borte, men det var mest sannsynlig en uheldig kombinasjon av flere faktorer, seier Bjørn Barlaup, forskningsleiar ved Uni Research, til BT. Frå årsrapporten til Vossolauget vert det referert til overfiske i havet, kraftutbygging, sur nedbør, senking av Vangsvatnet og vegbygging, samt konsekvensar av oppdrettsaktivitet.

Salmon Group er partnar i Vossolauget, og Nils Inge Hitland vart i sommar valt inn som varamedlem til styret i lauget. Han overtok denne posten etter Jakob Blom, som i mange år har engasjert seg i arbeidet med å byggje opp att ein levedyktig Vossostamme.

Sleping av smolt ut til kysten har vorte ein av suksessfaktorane i dette arbeidet. Prosjektet har og vore med å gje ny kunnskap om laksesmolten sine utfordringar, mellom anna predatorar som beitar på smolt i fjorden.

På bt.no kan du lese historia om Vossolaksen, og arbeidet som er gjort for å få bestanden attende:

“Den berømte kjempelaksen vender tilbake”

Tekst: Øyvind Kråkås