Søk i arkivet

Verdiskaping av oppdrett

“Lokalsamfunna får mest glede av overskota (kapitaldanninga) så lenge oppdrettsselskapa er eigde lokalt, og ikkje på børsen. Vi kjenner alle til at det har ført til oppkjøp og vidare liv for lokalbutikkar og vertshus, og at det har resultert i etablering av t d røykeri og nye attraksjonar på kysten. Pengane frå slike ”kapitalistar” er viktige anten dei blir brukte til direkte investeringar eller plasserte som innskot i lokale bankar som dermed får styrka arbeidsgrunnlaget. Dersom dei mindre oppdrettarane vel å selje seg ut, vil det få negative konsekvensar for samfunna rundt.”

Dette er siviløkonom Johan Magerøy sine ord, i utdrag frå høyringsuttalen han leverte til arealutvalet sin rapport. Les heile rapporten her:

Høyringsuttale