Søk i arkivet

Svært vellukka sjakkelkasting

Fredag gjekk det årlege VM i sjakkelkasting av stabelen i Solund. Oppmøtet var upåklageleg, og mange sette pris på konserten med Sigrid Moldestad.

Første del av arrangementet baud på innleiande rundar med sjakkelkasting, og servering av sjømat for inviterte gjestar. Røykelaks, laksesuppe, reker og kreps sto på menyen.

Etter måltidet kom artisten Sigrid Moldestad på scena, og bergtok publikum med si fantastiske røyst. Moldestad syng sine eigne songar, samt tonesette tekstar av Jakob Sande og Robert Burns. Konserten var open for alle, og ein god del menneske hadde teke turen til Eide denne kvelden.

Været var opplett, med ein liten vind til å halde myggen vekke. Dette ga ei best mogleg ramme for arrangementet. Ved sidan av Sigrid Moldestad, var det nok to nye arbeidsbåtar som vakte størst interesse hos dei frammøtte. Både Sulefisk og Landøy Fiskeoppdrett har nyleg fått levert flett nye båtar, og synte desse fram ved kaia. Utpå kvelden vart det og gjennomført dåp av fartya.

Vinnaren av årets VM i sjakkelkastinga vart Lena Therese Solheim, sambuaren til sjefen for Sparebanken Sogn og Fjordane i denne regionen. Ho har ikkje vunne før, og tok dermed sitt første napp i vandrepokalen; eit fat laga i den karakteristiske “Sulesteinen”, konglomerat. Den einaste havbrukaren som hevda seg i årets konkurranse, var Sulefisk sin eigen Øystein Espeland, på ein delt tredjeplass.

Tekst og foto: Øyvind Kråkås