Søk i arkivet

Salmon Blog: Naturen som ressurs

Då dei to landbrukshovdingane Per Olaf Lundteigen og Harald Oskar Buttedahl vitja Osland Havbruk sitt sommarseminar, var det naturen som ressurs som sto som felles utgangspunkt. Landbruket, skogbruket, havbruket, kraftindustrien, oljeindustrien og gruveindustrien utviklar ressursar frå naturen. Men utan den menneskelege kunnskapen hadde ikkje dette vore ressursar.

Sjølv om det i diskusjonen kring arealavgifta ofte høyrest ut som at kven som helst kunne ause laks opp av sjøen, berre dei fekk ein konsesjon og eit havstykke, er det ikkje nett slik i røynda. Dei fleste som har hatt slike løyve, har dei faktisk ikkje lenger. Mange har mista dei gjennom konkursar, andre har selt dei til nokon andre som har drive dei vidare. Å oppdrette laks har vore og vil vere eit langt meir utfordrande fag enn det å drivelaksefiske med not eller garn. Du skal ha forståing for biologien, det er enklare å fange fisk og drepe han enn det er å få han til å leve i årevis. Du skal ha is i magen. Medan fisken veks, er der sjukdomsfare, fare for skadar på anlegget og stadig skiftande lakseprisar. Du skal ha forståing for økonomien. Produksjonssyklusen er lang, du skal behalde likviditeten, du skal ha hovudet til å tene pengar, du skal ha hovudet til å tape pengar.

For landbruket er situasjonen i dag ein noko anna. Staten har lagt seg betydeleg oppi korleis inntektene skal vere, medan ein oppdrettar sel fisken og får pengane, er landbruket komplisert med ulike støtteordningar og frådrag. Kanskje hadde ein hatt det betre med å rett og slett å få betalt når ein sel det ein produserar? Nokon tenar pengar på mat i Noreg i dag, og det er ikkje bonden. Noko må vere i vegen med kjeda mellom produsent og forbrukar. I oppdrettsnæringa har produsenten vore den store vinnaren. Mange takkar konkursen i FOS for at næringa står seg so bra som ho gjere i dag. Effektiv omsetnad og fri konkurranse om fisken sikra inntekter.

Men for å ha noko å omsetje, og i sin tur konsumere, må der vere kunnskap til å produsere. Og sjølv om bøndene, i den urbane forvirringa som rådar, ofte vert sette under og langt bak dei fleste andre yrkesgrupper, vågar eg påstanden om at ikkje alle kan kunsten å få husdyr til å leve og jorda til å gje grøde. Kunnskapen om jordbruk er under press i Noreg, og det same er tilgangen på jord til å dyrke. Evna til å utvinne mat som ein ressurs frå naturen vert vekke.

Aller helst burde alle hatt ein sommarjobb både i landbruket, i havbruket og helst ein del andre næringar i løpet av livet, slik at ein i det minste lærte seg respekten for desse faga. Eit brukbart alternativ til ei slik omfattande opplæring, er møter som seminaret hos Osland Havbruk. Her fekk ein nærleik til produksjonen, og ikkje minst til menneska bak. Dei som fôrar og passar på, tek dei rette vala og dei rette sjansane. Dei som vågar og vil, sjølv i dårlege tider og på kalde vinterdagar. ”Vi må ha ein gjensidig respekt mellom primærnæringane”, sa Per Olaf Lundteigen på slutten av seminaret. På det tidspunktet trur eg i alle fall denne respekten var etablert hos alle dei som var tilstades. Respekten for kunnskapen om å forvalte naturen som ein ressurs. Og håpet om ein norsk matproduksjon både på sjø og land, også i framtida.

Tekst: Øyvind Kråkås