Søk i arkivet

Salmon Blog: Lokalsamfunn i finstasen

Folk ute i distrikta kjenner si besøkstid når der er god mat, god kultur og god stemning å hente. Det såg vi to gongar sist veke.

Veka opna med dåp av BioMar sitt nye flaggskip; MS Høydal. Og ikkje berre var båten imponerande, enn seie overveldande, der han låg som eit cruiseskip ved kaia på Myre. Arrangementet var velsigna med sol og stille vær, og kaia var fylt med folk i alle aldrar. På scena fekk orkesteret ”Boknakaran” lov å ynskje velkomen med visa om ”Hortensia”. Og dermed var stemninga sett.

Programmet under sjølve dåpsseremonien var imponerande samansett, frå det humoristiske og heilt over i det sakrale. Den lokale presten Martin Enstad overrekte bibelen som skal fylgje skuta, og bad for mannskap og båt. Han heldt og ein kort tale der han framheva fartøyet si viktige rolle som ein del av norsk matproduksjon. Dette gjorde eit inntrykk på alle frammøtte.

Etter ein båttur med reker og sjampanje og verdas flottaste utsikt, var det duka for dåpsfest i samfunnshuset. Det var treretters middag med lokale råvarer og lokal image. Fiskesuppa til forrett vart servert i boksar frå Vesteraalens Fiskeboller. Med eit tradisjonelt design og god kvalitet har denne verksemda helde seg oppreist. Hovudretten var havets gull; laksen.

For andre gong denne dagen kunne publikum gle seg over ein tale frå MS Høydal si gudmor, Erna Solberg. Ho framheva det lokale engasjementet og risikoviljen som låg bak denne investeringa og nyvinninga, og meinte nett denne typen lokale næringsmiljø har ein eigne føresetnader til å gjere dristige innovasjonar.

Då måltidet var vel i land, dukka der opp to nordnorske trubadurar som dei fleste har lånt øyre til; Steinar Albrigtsen og Jørn Hoel. Den røynde duoen opptrædde med korte historier og sine mest kjende og kjære slagerar.

BioMar betyr mykje for Myre, og Myre betyr mykje for BioMar. Eit samfunn treng arbeidsplassar, og ei verksemd treng arbeidskraft. Her har ein kunne hjelpt kvarandre med begge deler. Det lokale reiarlaget som no har byd verdas første gassdrivne lasteskip, syner korleis ein kan byggje eit nett av gode tenester og sterke kompetansemiljø kring ein sterk aktivitet.

Mot slutten av veka gjekk turen til mi eiga fødebygd, Eide i Solund kommune, Sogn og Fjordane. Her har ein gjennom mange år arrangert eit bransjetreff som etter kvart har fått eit visst renommè i næringa; sjakkelkastinga. Sidan vi ikkje har funne fram til andre arrangørar for denne idretten, kallar vi det like godt eit verdsmeisterskap. For deg som stussar; sjakkelkastinga er ein maritim variant av hesteskokasting.

Kring denne uformelle kappestriden har ein skapt eit tradisjonsrikt og folkeleg møte mellom folk i bransjen og folk frå lokalsamfunnet. Saman med idretten står sjølvsagt sjømaten sentralt. Sjølv dei som bur tett ved havet, set stor pris på å få servert førsteklasses laks, krabbe, kreps og reker. Til god mat og godt drikke høyrer musikk. I år hadde ein satsa på den levande varianten, og få er vel meir levande på scena enn fylket si eiga prinsesse; Sigrid Moldestad. I eit spekter frå det lystige til det såre og vare, spelar ho opp til tekstar av litterære storleikar som skotske Robert Burns og vår eigen Jakob Sande. Og sjølvsagt har ho skrive mykje sjølv og, som ho briljerte med framfor eit rørt publikum ved Sulefisk AS sin landbase.

Og jammen var det kjekt å kunne syne fram at her vert satsa også i denne kommunen, ein av landets minste med godt 850 innbyggjarar. Sulefisk har drive lakseoppdrett her sidan 1984, og ti år seinare tok dei i bruk landbasen på Eide. Basen er bygd for ei tid då ein handterte og reparerte nøter sjølve, men denne aktiviteten gjekk raskt ut av porteføljen. Dermed sat ein der med eit glitrande forsamlingslokale. No har ein utvida bygningsmassen, med lager, kantine, kontor og eit husvære. Der er mange som er innom verksemda i løpet av året, og det kan vere godt å kunne tilby losji.

Ved kaia låg det som likevel er årets mest spennande investering, den nye arbeidsbåten oppkalla etter selskapet som eig han. Bygd i Kina, og nyss komen til heimefjorden. Imponerande både i storleik, inventar og instrument. Stort dekk og solid kranføring skal gjere drifta enklare og tryggare i framtidas fiskeoppdrett. Også Landøy Fiskeoppdrett synte fram nytt fartøy. Begge båtane vart høgtideleg døypte denne kvelden. Det er satsingstid i næringa, på tross av eit år med svake prisar bak oss. Veksten i marknaden lovar godt for framtida.

To landsdelar, to mønstringar, tre skipsdåpar. Lokalsamfunn som ser håp og framtid i denne forholdsvis nye kystnæringa. Der var rikeleg med folk på desse tilstellingane, men i åra framover vil nok kvardagen kunne medføre manko på arbeidshender i laksenæringane. Forhåpentlegvis kan slike tilstellingar vere med og kople unge menneske til eit miljø dei gjenkjenner som spennande. For meg var sjekkelkastinga i si tid ein port inn til denne bransjen, eit glimt av noko spenstig og framtidsretta som eg ynskte å vere med på.

Tekst: Øyvind Kråkås