Søk i arkivet

Salmon Blog: Kvar sviktar rekrutteringa?

Rekrutteringa til norsk havbruksnæring er ikkje brennheit, noko som vert aktualisert ved at utdanningstilbod no kan verte nedlagde. Men kva er det som sviktar? Er det kunnskapen om næringa? Eller konkurrerar vi ikkje godt nok om ungdomen sine vegval?

Det året ein fyller 16, tek det fleste norske ungdomar eit val som peikar i retning av kva yrkesveg ein skal slå inn på. Mange vel å ta ei almennfagleg utdanning, noko som krev at ein held fram med ei høgare utdanning. Ein har dermed ikkje valt til eller vekk noko konkret yrke, men ein har valt eit utdanningsløp som mest sannsynleg ekskluderar ein del yrke. Ein jobb på merdkanten er eit av dei mindre sannsynlege vala med eit slikt utgangspunkt. Så har ein og eit tilbod om vidaregåande yrkesopplæring i havbruk. Denne utdanninga kjempar ofte for å få nok søkjarar. Kva kan det kome av?

Oljen er eitt stikkord. Oljenæringa og leverandørindustrien har støvsuga landet for dyktige mekanikarar, elektrikarar, ingeniørar og sjøfolk. For alle som ynskjer eit praktisk arbeid og eit maritimt arbeid, er oljenæringa det opplagte valet. Ikkje berre betalar dei godt og tilbyr gode friordningar; alle veit at dei betalar godt og har gode friordningar. Oljenæringa har etablert seg som ein attraktiv arbeidsgjevar.

Alle som skal konkurrere om dei ungdomane som kan tenkje seg ein jobb ”i oljen”, må vere klare til å strekke seg for å møte krava til løn og ordna fritid. I havbruksnæringa er det enno svært ulikt nivå for begge desse måla. Ein diskusjon i næringa om kvar desse nivåa bør ligge, bør vere ein del av arbeidet for betre rekruttering. Glansa brosjyremateriell eller løfte om spanande oppgåver, vil ikkje døyve desse spørsmåla frå karrierebevisste ungdomar med ei rekke valmoglegheiter.

Eit anna punkt er at om ein ynskjer fagutdanna folk, så må ein rekruttere frå utdanningsinstitusjonane. Vi høyrer stadig om at andre næringar tilset folk som enno er under utdanning. I oppdrettsnæringa har ærleg tala ikkje fagutdanning hatt ein sterk nok status. Erfaring frå andre næringar, til dømes fiskeri eller mekaniske fag, har ofte vore vekta sterkare i tilsetjingsprosessar. Om dei som tek fagutdanning ikkje er attraktive for næringa, er det fint lite von i å ta ei slik utdanning.

Så har og havbruksnæringa ein del andre utfordringar. At ein er ei typisk distriktsnæring er ein av dei. Til lenger vekk frå bysentra ein kjem, til vanskelegare vil det ofte vere å få lange søkjarlister til utlyste stillingar. Til og med då Salmar ASA skulle tilsetje ny konsernsjef, såg ein at eit hovudkontor utanfor byområde gjorde det vanskelegare. Dette er antitesen til at der manglar arbeidsplassar i distrikta; distrikta manglar arbeidskraft.

Distriktsutfordringa går langt utanfor havbruket sine særmerke, og for primærnæring å vere, klarar vår næring seg rimeleg bra i konkurransen om arbeidsfolk. Det som er eit mykje meir konkret punkt å ta fatt i, er ungdomen sine sjansar til å bli kjende med næringa, og helst tidleg nok til at dei kan ta sine val med dette på minnet. Fleire bør få prøve seg i ung alder. Å ta inn interessert ungdom i sommarjobb eller som tilkallingshjelp, er ein måte å møte dette på. Anten ein skulle ha lyst å bli røktar, fôrkonsulent, fiskehandlar eller veterinær, vil det vere gunstig å få prøvd si interesse for fisk og oppdrett tidleg.

Salmon Group ynskjer å møte ungdomen si interesse for fiskeoppdrett. Vi har inngått eit samarbeid med Linjeforeininga for fiskehelse og havbruksbiologi ved UiB. Dette vonar vi at skal vere med og gje ein betre informasjonsflyt mellom næring og studentar, og høve for dei unge til å vitje næringa som dei står på kanten av. Men vi må og møte dei som er yngre enn dette, som enno ikkje har valt seg ei høgare utdanning. Interessa bør vekkjast på ungdomsskulenivå. Og ikkje berre utdanningsløpet, men og yrkeslivet bør her synleggjerast for dei som lurer på kva dei skal bli. Om ungdomen får lyst til å jobbe med oppdrett, og utdanning framstår som vegen dit, så vil der bli søkjarar til havbruksutdanninga.

Tekst: Øyvind Kråkås