Søk i arkivet

Salmon Blog: Blir havbruk eit satsingsområde?

Om eitt år er det stortingsval, og valkampen er i opptrappingsfasen. Samstundes er veksten i lakseeksporten god, og næringa dunkar i taket for dei produksjonsvoluma som dagens biomassereglar tillet. Kan havbruket bli eit av satsingsområda til dei politiske partia fram mot valet?

Då havbruksnæringa var i si første blomstring vart den stundom kalla ein Senterpartidraum. Dette spelte på at den fann sine fortrinn ute i distrikta, og skapte store verdiar der ein før såg berre grå berget. Dei som drøymde den gongen, har fått syn for segn. Truleg er inga næring so viktig for verdiskapingsveksten i so mange kyst- og fjordkommunar som laksenæringa.

Det bør difor vere fleire enn Senterpartiet som drøymer om framleis vekst i havbruksnæringa i åra som kjem. Laksen betyr ikkje berre ringar i sjøen og røktarar på merdkanten; lastebåtar fraktar fôr, brønnbåtar fraktar fisk, fabrikkar produserar fôr og slakteri, eksportørar og trailersjåførar tek seg av den ferdige fisken. Aktivitet avlar aktivitet, og havbruksnæringa har innteke rolla som vekstmotor i mange lokalsamfunn.

Samstundes har næringa og synt at den kan vere teknologidrivande. Verdas første gassdrivne lasteskip på plass ved fôrfabrikken på Myre, er eit av døma på det. Samarbeidet om nye omega 3 kjelder som no tek form på Mongstad, er eit anna. Tette band mellom næring og forsking har tradisjonelt gjort at havbruket har vore ekstremt flinke på å ta i bruk ny kunnskap, og det er ingen grunn til å tru at dette skulle verte annleis i framtida. Når ein ser attende på den utviklinga som har vore i løpet av førti år med lakseoppdrett, ser ein at viljen til fornying har vore formidabel.

Berre ein liten del av kystarealet er so langt nytta til havbruk. Nokre av dei tidlegare lokalitetane har synt seg ueigna, men venteleg vil nye areal bli brukande til liks med utviklinga av både anlegga og produksjonen. Samstundes vil nye marknader oppdage laksen som førsteklasses matvare. Potensialet er stort, men vi er komne til eit punkt der det vil krevje satsingsvilje frå politikarane for å løfte havbruket vidare.

Eg trur politikarane vil velje havbruk som eit av satsingsområda, fordi det har ei slik utbreiing geografisk og samstundes eit slikt potensiale økonomisk. Havbruket sikrar busetnad i bygder og tettstader lang heile kysten. Sjølv om ein gjerne kjem i skuggen av oljen når det kjem til verdiar i dag, er det ingen tvil om at laksen er landet sitt andre vinnarlodd. Og gevinsten er fornybar. Kvaliteten og dei helsesame fordelane med produktet talar for at verda vil etterspørje stadig meir laks.

Tekst: Øyvind Kråkås