Søk i arkivet

Ny båt til Landøy Fiskeoppdrett

Mange investerar i ny løftekraft for å møte nye krav. Landøy Fiskeoppdrett har no fått levert ny katamaran frå Ocea.

Landøyfisk Jr. er namnet på båten som vart overlevert til selskapet i forrige veke. Båten er 14,95 meter lang og 7 meter brei, og vart bygd i Polen. Investeringa ligg på over 7 millionar kroner.

Landøy Fiskeoppdrett AS har ei historie som strekke seg attende til 1982. I eit intervju med avisa Firda nyttar selskapet høvet til å framheve Salmon Group som ein viktig bidragsytar til at dei framleis driv firmaet som ei familieverksemd.

Les artikkelen i Firda

Les og:

Praktfull reportasje om Landøy Fiskeoppdrett

Tekst: Øyvind Kråkås