Søk i arkivet

Nøgde ferievikarar hos Osland Havbruk

Osland Havbruk nytta seg i sommar av ni ferievikarar, fordelt på matfiskanlegga og setjefiskanlegget på Sørebø. Selskapet let vikarane få rullere gjennom heile verksemda for å gje dei mest mogleg varierte oppgåver.

Johnny Kalstad, driftsleiar og ansvarleg for sommarvikarane i verksemda, fortel til avisa Ytre Sogn at ein i år har sett ei dreiing mot at fleire no førespør sommarjobb utan at dei har vore ute med annonse.

– Eg trur arbeidet vi har gjort dei siste åra med å invitere skuleklassar og meir aktivt vise kva vi driv med er noko av årsaka til at fleire ønskjer å jobbe hos oss, seier han.

I ei sopass stor verksemd som Osland Havbruk er der mange og varierte oppgåver, og vikarane har fått vore innom røkting og drift på matfisk, og vedlikehald og fôring på setjefisk. – Dette har fungert veldig bra, og vi har fått gode tilbakemeldingar frå dei tilsette, fortel Kalstad.

Også vikarane sjølve er nøgde med tilbodet dei har fått hos Osland Havbruk; – Det er eit veldig godt arbeidsmiljø her, og du går aldri lenge og lurer på noko. Det er lett å spørje om hjelp, og dei som jobbar her til dagleg er flinke å lære vekk det dei kan. Det er ein lett tone dei tilsette i mellom, og med planane som ligg føre for ei utviding av anlegget er det ein utprega positiv og framtidsretta stemning her på Sørebø, seier vikarane Andreas Dyrrdal og Robert Bjørnsen Søreide.

Salmon Group var i førre veke ute med kronikken “Kvar sviktar rekrutteringa”, der vi peikar nettopp på det å ta inn vikarar som ei viktig rekrutteringsplattform for næringa. Vi vil rose Osland Havbruk og dei tilsette for den rolla dei har innteke.

Les og “Kvar sviktar rekrutteringa?”

Tekst: Øyvind Kråkås