Søk i arkivet

Lokal kapital betyr effektiv innovasjon

Erna Solberg, Høgreleiar og truleg den fremste utfordraren til å bli landets neste statsminister, var gudmor då BioMar sitt nye flaggskip MS Høydal vart døypt.

Folk frå fjern og nær var møtte fram på kaia til BioMar på Myre då verdas første gassdrivne lastebåt skulle døypast sist måndag. At det er ein fôrbåt som er først ute med denne nye teknologien, er ei glede og ære for reiarlaget, BioMar og næringa som heilskap.

Reiarlaget er det lokale NSK Shipping AS, og i sin tale under festmiddagen seinare på kvelden, framheva Erna Solberg at det ofte er lokal kapital som tek sjansane og driv fram den mest dristige teknologiutviklinga. MS Høydal er eit godt døme på dette. Fartyet skal frakte 3000 tonn fiskefôr kvar veke frå fabrikken på Myre og ut til oppdrettarane.

Tekst og foto: Øyvind Kråkås