Søk i arkivet

Laksens Dag kjøpte for 250.000 kroner i Flora

Reknskapa for årets Laksens Dag er no klare, og årets arrangement går ut i null. Arrangementet kjøper varer og tenester for godt 250 000 kroner i Flora i høve torgdagen.

Laksens Dag genererar pengar til organisasjonar som Flora Røde Kors og Flora Rockeklubb, så vel som til ei rekke lokale verksemder. I år nytta ein seg av eventselskapet Hipp Hipp Flora for planlegging og avvikling av sjølve opplegget på torget. Ein nytta og Svanøy Hjortsenter til eit fagmøte på fredagen før sjølve laksedagen. Her er det Florøfirmaet Bistro To Kokker som står for serveringa.

I tillegg til dei kostnadane som vert førte under arrangementrekneskapen, medfører og arrangementet ein omsetnad for overnatting og andre tenester som arrangementet sine gjestar og deltakarar nyttar seg av. Direkte hadde Laksens Dag om lag 40 gjester frå sponsorar og andre bidragsytarar som kom til Florø for å delta under arrangementet.

Frå initiativtakarane i laksemiljøet i Florø og Sildebordskomiteen var auka omsetnad for næringslivet i byen ein av motivasjonsfaktorane for å starte opp att med Laksens Dag, og med den storleiken arangementet har fått, føler vi at dette har slått til. Vi er og svært nøgde med måten det lokale Røde Kors laget har teke hand om grillinga og serveringa. Harald Engevik har her vore ein viktig mann både for Røde Kors og for arrangementskomiteen.

Tekst: Øyvind Kråkås, leiar for Laksens Dag 2012