Søk i arkivet

Havbrukskonferanse i Fyksesundet 13. september

Havbruk 2020 også i norske fjordar? Det er hovudspørsmålet på konferansen, som skal føregå midt i det omstridde Hardanger. Politikarar, forskarar og andre kjem for å diskutere dette temaet.

Det er Lingalaks og visningssenteret deira, Hardanger Akvasenter, som er vertskap for konferansen. Med tettpakka program tek ein til klokka 09.30 og avsluttar 16.00. Undervegs vert det råd å smake på Hardanger Akvasenter sin spesialutvikla meny, komponert i samarbeid med Smak av kysten. Siren Sundland, direktør for kommunikasjon og samfunnsansvar i Sparebanken Vest, held trådane samla som konferansier gjennom dagen. Nokre vil kjenne ho att frå programmet “Mediemenerne” som gjekk på NRK fjernsynet frå 2002-2004.

Salmon Group oppmodar alle som har meiningar og interesse om dette temaet til å stille på konferansen. Sjå detaljert program.

Påmeldingfristen er 28. august, påmelding til post@akvasenter.no

Tekst: Øyvind Kråkås

Foto: Hardanger Akvasenter