Søk i arkivet

Havbruk møtte landbruk i Høyanger

Det var eit spekter av primærnæringar som sto i fokus då Osland Havbruk tok i mot politikarar, presse og andre inviterte til sommarseminar 31. juli. Dei mest prominente deltakarane var statssekretær i landbruks- og matdepartementet Harald Oskar Buttedahl, og stortingspolitikar Per Olaf Lundteigen.

Gjennom ei rundreise på sørsida av Sognefjorden fekk dei frammøtte sjå matfiskoppdrett, kveiteoppdrett, setjefiskoppdrett, landbruk og mekanisk industri. Fleire av dei tilsette i Osland- gruppa har arbeid innanfor både fiskeoppdrett og landbruk.

Høyanger kommune er den einaste kommunen i Sogn som er delt av Sognefjorden, og sørsida er nok eit framandt landskap sjølv for mange i fylket. Men for dei inviterte frå austlandet var truleg fiskeoppdrett eit like ukjent lende. Spørsmåla var mange og gode, og dei tilsette ved Osland Havbruk svarte utførleg, med eit og anna innspel frå FHL og SG sine representantar. Fleire av politikarane framheva at Osland sine anlegg er velhaldne utstillingsvindauge for norsk oppdrettsnæring.

Etter rundreisa var det tid for seminar på Osland Bryggje, hovudkontoret til konsernet. Etter innleiing av eigar og dagleg leiar Erik Osland, heldt ordførar i Høyanger, Petter Sortland, statssekretær Buttedahl, fylkesvaraordførar Jenny Følling og stortingspolitikarane Ingrid Heggø, Erling Sande og Per Olaf Lundteigen innlegg. Næringssjef i Høyanger, Terje Søreide, knytte arrangementet saman.

Bruken av naturressursar sto sentralt i tema under seminaret, og den menneskelege kompetansen som skal til for å utnytte ressursane. Både havbruk og landbruk er avhengige av eigna areal, kompetanse og godt utstyr for å kunne produsere matvarer. – Vi må ha ein gjensidig respekt mellom desse næringane, sa Per Olaf Lundteigen. Den profilerte Senterpartimannen har lang røynsle frå Stortinget, der han no sit i kontroll- og konstitusjonskomiteen. Der skal han snart vere med og handsame rapporten frå Riksrevisjonen om norsk havbruksforvaltning.

Tekst: Øyvind Kråkås

Foto: Stig Øvreås