Søk i arkivet

God påmelding til sjakkelkastinga

Ei god veke før det årlege VM i sjakkelkasting, har påmeldinga vore svært god.

Bransjetreffet ved Sulefisk sin landbase i Solund har i år utvida porteføljen med konsert ved artisten Sigrid Moldestad, i tillegg til mannskoret “Gammen” frå Florø. Denne delen av arrangementet er open for alle.

Både før og etter konserten vert det tradisjonelt bransjetreff med mat, tevling og prisutdeling for inviterte gjestar. Med den gode påmeldinga er vi trygge på at årets utgåve vert av den minnerike sorten.

Les og “Sigrid Moldestad kjem til Sulefisk Cup”

Tekst: Øyvind Kråkås