Søk i arkivet

Forvirring om rettigheiter

Den siste veka har der pågått ein diskusjon gjennom Intrafish om såkalla heimfallsrett til oppdrettskonsesjonar. Der synest imidlertid å vere ei forvirring ute og går om kva ein konsesjon er for noko…

Nokre debattantar ser ut til å forveksle konsesjon med lokalitet, og blandar dermed inn arealspørsmålet. Men arealet til å drive oppdrett, kjem ikkje i fylgje med konsesjonen. Arealet vert tildelt av fylkeskommunane, ut frå kommunale planverk og høyringar. Det kan bandleggast/inndragast utan nokon samanheng med konsesjonsrettar. Forverra miljøtilstand eller manglande drift over tid kan vere grunnlag til å endre tilgangen på arealet, eller som det oftast vert kalla; lokalitetar.

Konsesjonen er retten til å produsere fisk, og han er i dag avgrensa av Maksimalt Tillaten Biomasse, MTB. Dette vil seie biomassen ein har lov til å ha ståande i sjøen til ei kvar tid. Konsesjonar vert utdelte av staten. For å kunne nytte konsesjonen må du sjølvsagt ha tilgang på areal, men der er ikkje samsvar mellom utdelingsprosessane, og heller ikkje verkemiddelapparatet for å inndra/endre. Såleis kan arealbruken justerast heilt utan nokon heimfallsrett for konsesjonar.

Les også Kva er MTB?

Tekst: Øyvind Kråkås