Søk i arkivet

Tryg Forsikring er med på Laksens Dag

Laksens Dag i Florø, som går av stabelen 16. juni, tek til å få eit sterkt lag av støttespelarar.

Ved sidan av at dei lokale verksemdene EWOS, Norwell, Bravo Seafood, Ocea, Marø Havbruk, E. Karstensen Fiskeoppdrett, Osland Havbruk, Sandnes Fiskeoppdrett og Sulefisk er med, har og Tryg Forsikring meldt sitt engasjement.

Tryg forsikring er i dag den største aktøren på havbruksforsikring i Noreg.

Tidlegare har og Norges Sjømatråd og Botngaard AS gjeve si tilsegn til vere med på dette storstilte spleiselaget i kystbyen. I samarbeid med Sildebordet, Kinnaspelet og Florø Rockeklubb sin musikfestival, tilbyr oppdrettsnæringa denne helga fantastiske smakar av laks, god underholdning og masse musikk og kultur.

Tekst: Øyvind Kråkås