Søk i arkivet

Aktuelt

Solid innsats i Holmekollstafetten

Laurdag 12. mai gjennomførte eit lag frå Salmon Group Holmenkollstafetten for tredje gong på rad. Ein del forfall medførte ekstra heltemodig innsats.

Ein god kaptein skal vere den første og den siste, og dette tok Nils Inge Hitland på ramme alvor under stafetten. Han sprang både første og siste etappen for Salmon Group, utan at det såg ut til å røyne han merkbart.

 

 

Stafetten er på 15 etappar, og på den beste etappetida var laget frå SG på 209. plass. Totalt enda laget på 1197.plass.

Tekst: Øyvind Kråkås     Foto: Arild Hagenes