Søk i arkivet

Salmon Group imøtegår leiar i avisa Firda

I avisa Firda sto der denne veka å lese på leiarplass at arealavgifta er eit naudsynt tiltak for å sikre velvilje for oppdrettsnæringa lokalt. Salmon Group har lenge hevda at ein heller bør vende seg til staten for å få sin del av dei pengane næringa i dag sender rett til Oslo. Her kan du lese innlegget der vi imøtegår avisa sitt utspel.

Gode samfunn er aktive samfunn

Firda presiserar på leiarplass 8. mai 2012 at dei gjentekne gongar har sagt frå om at havbruksnæringa er for lite viktig for vertskommunane. Ho er viktig for staten, men uviktig lokalt. Dette kan vitne om ei noko snever oppfatting av korleis samfunnet er sett saman. For kommunane får vel stort sett sine midlar attendeført frå staten? Og kven betalar inn dei pengane staten delar ut att til kommunane?

Skattesystemet er, i forenkla termar, slik; privatpersonar betalar skatt til stat, fylke og kommune. Verksemder betalar skatt til staten, og eventuelt eigedomsskatt til kommunane. Dette gjeld og for havbruket, slik Firda nemner. Staten sender pengar attende til kommunane, først og fremst i høve til folketalet. Folkefattige kommunar kan altså vere ute for at dei har rike verksemder som betalar mykje skatt til staten, men lite kjem att i retur. Som ordføraren i Austevoll kommune sa det; ”me sender trailerar med pengar til Oslo, og får att ei og anna brevdue”. Når pengane blir sendt inn heiter dei skatt, når dei kjem att kallast dei gjerne subsidiar.

Dette kan opplevast problematisk. Det er ikkje lett å lage eit system som demmar opp for det, men eit forslag kan vere at staten tilbakefører pengar i høve til bruken av til dømes sjøareal. Dette vil vere ryddigare enn å ekstraskattlegge enkeltnæringar. Det overraskar meg at ikkje Firda føreslår noko slikt, sidan ein påpeikar at staten ”tek seg grovt betalt for konsesjonssal”. Den grove innbetalinga er det oppdrettarane som gjere, ikkje kommunane.

Arealavgifta, slik forslaga som er komne på bordet tilseier, er eigentleg ikkje ein kompensasjon for bruken av sjøareal. Dette fordi den ikkje baserar utrekninga på det nytta arealet, og fordi den diskriminerar mellom ulike brukarar av eitt og same areal. Så vel torskeoppdrett som kajakkpadlarar vil vere fritekne for avgift. Arealavgifta har vorte sagt å skulle løyse arealkonfliktar, men der er ingen reell indikasjon på det. Arealavgifta vil berre syne kven som nyttar arealet mest økonomisk effektivt.

Dei fleste kommunar i fylket slit med for lite næringsaktivitet. Å skvise dei næringane ein har med ekstraskatt, er ei kortsiktig løysing. I staden burde ein arbeide med ein næringspolitikk som bygde meir aktivitet kring eksisterande næring. Kommunar i Sunnfjord har synt eit sterkt engasjement for at gruveindustrien skal få fritt leide. Eit likande engasjement burde ein og kunne ha for andre næringar. Ei styrking av marin og maritim næring vil i langt større grad kunne byggje på eksisterande samfunn, og legge kapitalen att lokalt.

Om det er noko Sogn og Fjordane burde ha lært av storkonserna sin vekst og retrett i fylket, er det at arbeidsplassar er noko ein må byggje oppunder kontinuerleg. Er ein ikkje effektiv nok, risikerar ein å bli fortrengd. At havbruket er fire gonger så effektivt som i 1995, er orsaka til at vi framleis eksisterar. Ei svekking av konkurranseevna vil vere ein risiko ikkje berre for oppdrett, men for slakteri, fôrfabrikk, eksportørar og trailersjåførar. Havbruksnæringa er ikkje berre ei effektiv næring, men og ein motor for aktivitet i fylket.

Eit godt forhold mellom kommunar og næringsdrivande er viktig. Men når Firda skriv at velviljen må gå begge vegar, må dei ha mista ei avkøyring. For her er ein tredje veg i dette kartet, og den er den einaste motorvegen. Den går ut av fylket, med skattepengar til staten, og med folk som flyttar vekk.

Øyvind Kråkås, Salmon Group AS, nettverk for lokaleigde oppdrettsverksemder