Søk i arkivet

Salmon Group i Norsk Fiskeoppdrett

Norsk Fiskeoppdrett nummer 4, 2012, er nett kome i postkassane. Der er mykje interessant å lese, mellom anna er Salmon Group intervjua om Marine Harvest sin sterke vilje for vidare vekst.

Salmon Group såg grunn til å reagere då konsernsjef i MH, Alf Helge Aarskog, tidlegare i år gjekk ut og meinte at der er for mange små aktørar att i lakseoppdrett. Vi var skuffa over argumentasjonen, og overraska over måten den vart lagt fram på. Sidan har selskapet ved fleire høve teke opp att den same linja. Dei meinar eit meir einerådande Marine Harvest vil garantere for betre miljøarbeid og meir stabile lakseprisar. Underteikna har i kronikken “Soria Moria slott” hevda at fortida har synt at det ikkje vil vere ei rimeleg forventning til framtida.

I Norsk Fiskeoppdrett forsvarar vi MH sin rett til å prøve rettsleg regelverket om 25 % eigarskapsavgrensing av den totale produksjonen. Samstundes åtvarar vi norske styresmakter mot å føre ein politikk som pressar lokaleigde oppdrettarar til å selje til dei større selskapa. Problemet er ikkje at dei store blir større, men at mangfaldet forsvinn. Lokal samfunnsbygging og tilknyting vert utradert. Ideen om produksjonsområde, føreslegen av arealutvalet, er eit av tiltaka som kan kome til å favorisere sterkt dei største aktørane.

Tekst: Øyvind Kråkås