Søk i arkivet

Aktuelt

Salmon Blog: Sats lokalt!

I all mi tid har eg fylgt med på fotballaget Sogndal, og deira opp og nedturar med eit tynt publikumsgrunnlag og nøkterne budsjett. Ingen har over tid prestert so godt på so strame ressursar. Men i går var der ein annan Askeladd som tok stikket i laksebyen Florø. Med den same satsinga på lokale unggutar og høg lagmoral, tukta dei fylkeseinaren. På same måten jobbar vi i Salmon Group; innsats og lagmoral for å løfte i fellesskap.

Lokalt havbruk er tufta på kjennskap til lokale tilhøve, tilgang på gode folk og tillit frå omgjevnadane. Johan Magerøy, siviløkonomen som har jobba med å kartlegge dei lokale selskapa sin verdi for kommunane, meinar desse sikrar legitimiteten til norsk havbruksnæring. Dei store selskapa kviler sine skuldra på det arbeidet dei lokale har stått for. Dette er ei rolle som bør setjast stor pris på av eit samla lakseland.

Salmon Group samlar kunnskap og tyngde frå dei lokale til å markere seg nasjonalt. Vi har ikkje ei stor avdeling av marknadsfolk som målar glansbilete av det vi held på med, vi må spele kvarandre gode og utnytte dei ressursane vi finn hos kvarandre. Om vi syner fram vår aktivitet, er det rett på grunnfjellet, der den verkelege oppdrettsnæringa jobbar. Eller som styreformannen vår sa det ein gong då han skulle halde tale på Solstrand; det er oppdrettaren sjølv som les.

Ideen bak Salmon Group er tufta på at kvar enkelt verksemd skal kunne nytte sine lokale underleverandørar. I alt frå bank til bananar kan oppdrettaren nytte sin føretrakte leverandør. Så hjelper vi til der stordriftsfordelane ligg; på fôr, forsikringar og vaksiner, først og fremst. Når vi løftar i flokk er vi landets tredje største havbruksaktør, med over 100 000 tonn slaktefisk i årleg produksjon. 350 årsverk er direkte knytt til Salmon Group sine aksjonærar. Desse medfører igjen ein lokal aktivitet som sikrar verksemder og tenester i tynt busette område. Vi tek verkeleg heile kysten i bruk.

Lokale verksemder byggjer lokal kapital. Når Florø Sportsklubb i går detonerte ei av tidenes cupbomber på Florø Stadion, var dei omkransa av logoane til EWOS, Slakteriet og Norwell. Lokalt baserte lakseverksemder som støttar opp om det som skjer i lokalsamfunnet. Onklar som idretten kan vende seg til når der trengst gras på baner, drakter og andre ting som også små klubbar må betale for. Det er godt å sitje som tilskodar og sjå kva ein kan få til med å samle krefter i lokalsamfunnet. Sterke lokalsamfunn blir til ut frå gode verksemder.

Salmon Group satsar på lokalsamfunna. Laksens Dag i midten av juni er eit av eksempela på dette. Dette er det vi kallar eit ”samfunnsarrangement”. Lokale sjømatselskap gjere jobben i lag med lag og foreiningar som får høve til å slå inn nokre kroner i kassen. Røde Kors, Florø Sportsklubb og Flora Hestesportklubb var i fjor med og gjorde dugnad for Laksens Dag. Lokale kokkeelevar tente nokre ekstra kroner på å grille og lage lakserettar for ungar. Veteranbåten Atløy og galeasen Svanhild, to farty haldne i hevd av eldsjeler, fekk inn nokre kroner på å frakte festivalfolk til og frå kystperla Kalvåg. Lokale artistar fekk syne seg fram. Det kommunale kjøkenet fekk oppdrag. Hotell og restaurantar var fullbooka under festhelga.

16. juni satsar vi igjen på folkefest i kystbyen Florø. Røde Kors tilbyr grilla laks. Lokalt foredla lakseprodukt vert profilerte. Det blir kokkekampar, og utdeling av prisen Årets Gladlaks, til ein som har gjort noko gledeleg for Sogn og Fjordane. Eldsjelene i Florø Rockeklubb hjelper oss med å tilby glimrande irsk musikk. Fredag før Laksens Dag vert det teknologiseminar på hjortesenteret på Svanøy. Lokale utstyrsleverandørar får høve til å syne seg fram og knyte kontaktar i næringa. Lokal mat til lunsj, og retur til det tradisjonsrike Sildebordet om kvelden. Det er heilt utruleg kor mykje bra vi kan få til med sterke lokale verksemder, lagmoral og god organisering. Kom til Florø denne helga, du og. Dette vil du hugse lenge.

Tekst: Øyvind Kråkås