Søk i arkivet

Aktuelt

Les om Himmel & Hav i 2F Kultur

Himmel & Hav er samarbeidet mellom Sildebordet, Kinnaspelet, Musikkfestivalen og Laksens Dag. I Firda og Firdaposten (Firda Media) sitt kulturbilag 2F, kan du no lese meir om den storstilte festivalhelga i juni.

Laksens Dag var eit nytt arrangement i fjor, og fekk plass laurdagen i festhelga. Oppdrettarar, eksportørar, leverandørar og andre er med og tilbyr eit varmt møte med kysten si viktigaste vekstnæring. Himmel & Hav føregår 15. – 17. juni i Florø. Sikre deg overnatting allereie no!

Les meir på: 2F kultur

Firda Media er samarbeidspartner til Himmel & Hav, og lanserer ein eigen del om festhelga i avisa “Sommarbyen Florø”, som kjem 26. mai.

Tekst: Øyvind Kråkås