Søk i arkivet

Laksens Dag tiltrekke seg støttespelarar

Planlegginga av Laksens Dag 2012 er godt i gang, og støttespelarane strøymer no på.

Salmon Group, EWOS og eksportselskapa Norwell, Bravo Seafood og Skaar Norway har vore med på laget sidan planlegginga tok til i januar. No har og Ocea meldt seg på som støttespelar. Også Norges Sjømatråd delteke med pengar og materiell. Firda Media er samarbeidspartner på marknadsføring, og Norsk Fiskeoppdrett har sponsa ei heilsides annonse i sitt blad.

Nytt i år er at der vil bli helde teknologiseminar på Svanøy Hjortesenter dagen før Laksens Dag, fredag 15. juni. Lokale og nasjonale teknologiverksemder vil bli inviterte til å delta. Innbakt i opplegget blir og eit anleggsbesøk hos Marø Havbruk. Vi ynskjer å nytte høvet til å samle gode krefter om å tenkje nytt på teknologifronten. Målet er at ulike små og store løysingar skal bli presenterte og diskuterte. Dette blir ei viktig hendning både for oppdrettarar og leverandørar.

Laurdag 16. juni vert det Laksens Dag på torget i Florø. I år som i fjor vert det grilling, smaksprøvar, sal av lokalt foredla laks, kokkekampar og underhaldning. Kjendiskokk Frode Aga er med og sjonglerar det heile, med sin kombinasjon av folkeleg komikk og matkunst. Bandet The High Kings frå Irland vil gje gratis konsert i gata.

Tekst: Øyvind Kråkås