Søk i arkivet

Kollen for tredje gong

Komande laurdag er det duka for den årlege Holmenkollstafetten, 15 etappar gjennom hovustaden, med klimaks på ærverdige Bislett Stadion. Det er tredje året i strekk at Salmon Group stiller lag.

Stafetten blei ein umiddelbar suksess blant deltakarar og heiagjeng i 2010, og interessa for å vere med på laget har vore aukande dei to påfylgjande åra. Som fylgje av ein del kolliderande arrangement, har laget i år blitt endra ein del gongar, men no er det på det næraste spikra.

Dei to første åra har styreformann Jostein Kråkås sprunge sisteetappen inn på stadion, men i år tek dagleg leiar Nils Inge Hitland denne oppgåva.

Som vanleg er Thon Hotel Opera base for Salmon Group- teamet, og vi håpar at godværet vil stille opp like trufast. Vi ynskjer laget vårt lukke til på laurdag!

Tekst: Øyvind Kråkås