Søk i arkivet

Aktuelt

Gjestekommentar i Norsk Sjømat nr. 2

Les Salmon Group sin gjestekommentar i Norsk Sjømat, NSL sitt eige magasin, her:

Mindre mangfald vil ikkje styrke havbruksnæringa

Med jamne mellomrom kjem påstanden om at havbruksnæringa er for fragmentert. Om berre nokre få selskap fekk styre butikken åleine, vil dei ordne opp i alt som står ugjort og uprøvd. Eg vil tru at nesten ingen i våre dagar trur på dette, anna enn dei som har ei sterk eigeinteresse for å tru på det.

Byrjinga på 2012 har vore ei tid for mange innspel til korleis næringa bør utvikle seg og løyse utfordringar. Nokre av dei har vore formelle, gjennom innspel til Hav 21. Her har alle med interesse for emnet kunne spele inn korleis ein ynskjer at forskingsmidlar og kunnskapsbygging skal ta vegen i åra som kjem. Næringa peikar på at der må forskast for vekst. Sjømatnæringane representerar våre viktigaste fornybare ressursar. Norsk mat frå havet fyller bord over heile verda, og det unytta potensialet er enno stort. Veksten må skje i havbruk, og først og fremst i produksjonen av laks og aure. Dette er A-laget i norsk havbruk.

Veksten må skje gjennom kunnskap. Tilhøve som i dag er forvalta etter føre-var-prinsippet må prioriterast, sikker kunnskap må gje medvitne grensegongar. Vi kan ikkje tufte næringa på avventande mangel på kunnskap. Når mange politikarar uttalar at dei er trygge nok til å tillate at ein fyller Førdefjorden med støv og kjemikaliar, er det ikkje godt nok å seie at der er stor diskusjon om utsleppa på havbruk. Desse utsleppa tilhøyrer ein så mykje mindre målestokk at dei burde la seg avklare.

Eit storselskap har stått fram og sagt at hovudproblemet til havbruksnæringa, er at for mange eig dei anlegga dei jobbar på. Dei som jobbar tett på fisken til dagleg, evnar ikkje å sjå kva som må til for å betre fisken si helse, sjå etter at nøtene er heile eller om arbeidet mot lus verkar som det skal. Høyrest det rart ut? Ja, og det vert ikkje mindre rart om ein går empirisk tilverks, og røkjer etter i dei tala som er tilgjengelege. Små og mellomstore oppdrettarar har betre driftsmargin enn storselskapa. Store selskap står for store rømmingar. Store selskap driv meir biologisk intensivt, og nyttar ikkje nokon meir avansert teknologi enn dei mindre.

”Dei lokaleigde selskapa gir meir legitimitet til havbruksnæringa”, sa siviløkonom Johan Magerøy under Sjømatdagane på Hell. Med lokale eigarar, lokale innkjøp og lokalt engasjement gjere desse selskapa ein unik representasjonsjobb. Og lokalsamfunna trenge dei. For sjølv om mange av dei er små i oppdrettsklassen, hevdar dei seg godt lokalt. Omsetnaden er stor, men endå viktigare er det at resultatet på botnlinja over tid er vesentleg høgare enn hjå fleirtalet av lokaleigde verksemder. Dette gir attraktive arbeidsplassar, men ikkje minst sikrar det kapitaldanning lokalt. Dette siste er viktig som grunnlag for knoppskyting og utvikling av nye og andre arbeidsplassar lokalt. Bankfilialar, butikkar og anna tenesteyting heng mange stader tett på oppdrettsnæringa.

Sjølvsagt må selskapa vere solide nok til å kunne nytte best tilgjengelege teknologi. Sjølvsagt må dei yte sin del til forsking og utvikling. Mi erfaring er at det gjere dei. Menneska som i dag drive oppdrett lokalt, har vore gjennom ei rivande utvikling for næringa, og klart seg kjempebra. Som ein kar på merdkanten sa; ”Jobben har endra seg frå handverkar til operatør”. Ingen ynskjer meir enn dei som utfører arbeidet at jobben skal kunne gjerast tryggast mogleg og med minst mogleg belastning på både menneske og fisk.

Ingen bør ynskje seg eit oligopol i havbruksnæringa. Konkurranse, meiningsbrytning, og mangfald på innkjøpssida, i salsleddet og produksjonssida, vil vere avgjerande for å stadig flytte norsk lakseoppdrett vidare opp og fram. Konsolideringar vil alltid førekomme, for å få sterkare aktørar. Men dei bør ikkje skje for at vi skal få færre aktørar. Altfor få tenar på det i lengda.

Tekst: Øyvind Kråkås