Søk i arkivet

Fargerik fiskehandlar fyller år

Han er ein av dei mest fargerike typane i heile norsk laksenæring, og har etter kvart opparbeidd seg ei betydeleg erfaring som fiskehandlar. I morgon feirar han 50 årsdag.

Per Vidar Ottesen er kjend som ein kreativ fiskehandlar, både fordi han er ein skikkeleg “no-problem-type” i sitt daglege virke, og fordi han elskar å drive på med musikk og show. Desse eigenskapane og interessene går gjerne hand i hand. Gjennom sitt engasjement for Florø Rockeklubb har han vore med og skapt ei spanande musikkscene i heimbyen, men han har og vore med og skapt gode møteplassar for næringa. Den årlege musikkfestivalen på Haavebua står sentralt i festhelga Himmel & Hav i juni, og Ottesen og co. sikrar dei musikalske innslaga både under Laksens Dag og bransjetreffet på Svanøya fredagen før.

Med fargeglade kostyme og cubansk inspirert beret, er Per Vidar Ottesen ein synleg og gledesspreiande figur i laksenæringa. Ein kan lett falle for freistinga å tru at han tek alt som det kjem, der han gjerne inntek podiet (i form av næraste kafebord, eller kva det måtte vere) og syng av gledens fulle hals om tango eller palefiske. Men når han kjøper og sel laks, er Ottesen fullt tilstades. Han har gjennom mange år vore sentral i eksportverksemda Norwell, og for mange er han nok sjølve andletet til selskapet.

Per Vidar Ottesen klarar å vere både tvers gjennom lokal og internasjonal på ei og same tid. Han elskar heimbyen og den lokale kulturen, men er samstundes open for verda sine impulsar, og har reist mykje rundt. Han er reisevan både i aust og i vest, og har vore skipper på eigen seglbåt i Middelhavet. Han er motsetnadane sitt fantastiske fyrverkeri, både livsnytande og hyperaktiv. Bading under ulike tilhøve og temperaturar er eit av Ottesen sine varemerke; best som han er i sin penaste dress, ser du berre smilet og bereten over havflata.

Og under den revolusjonære hatten finn ein eit samfunnsengasjert hovud. Ikkje berre kjempar han for lokalt kulturliv og Florø samfunnet sitt mangfald, men han har og godt formulerte meiningar om verda ikring oss. I staden for gåver til seg sjølv, ynskjer han støtte til eit prosjekt som 4H og Plan har for reint drikkevatn i Sierra Leone.

Vi i Salmon Group ynskjer Per Vidar Ottesen hjarteleg til lukke med dagen, og ser fram til mange kjekke stunder med den glade fiskehandlaren også dei 50 neste åra!

Tekst: Øyvind Kråkås