Søk i arkivet

Alger 2012 nærmar seg

23. og 24. mai føregår algekonferansen Alger 2012 i Bodø. Salmon Group er støttespelar, og Job Schipper vil halde innlegg på vegne av Integrert Akvakultur.

Ei rekke nasjonale og internasjonale føredragshaldarar vil gjere sin innsats under konferansen, der ulike interessentar tek del. Norges Vel, Bioforsk og Bellona er arrangørar av konferansen, som tek sikte på å samle kunnskap og engasjement kring algedyrking.

Algedyrking kan om få år bli ei viktig næring i Noreg. Det handlar om å tilby ei attraktiv råvare, nyttegjere seg av gjødsling frå havbruk, ta opp CO2 frå havet og å skape nye arbeidsplassar.

Salmon Group jobbar medvitent ut frå tanken om å skape positive ringverknader med kjerne i ei produktiv oppdrettsnæring, og å vere med og drive kunnskapsutviklinga i bransjen. Difor er vi medeigarar i prosjekt både på mikroalgar, CO2BIO på Mongstad, og makroalgar (tare), Integrert Akvakultur i Solund. Førstnemnde har som mål å skaffe omega 3 til laksefôr, medan sistnemnde vil nyttegjere seg av protein til menneskemat.

Veksten i lakseproduksjonen og veksten i verdas befolkning gjere det naturleg å sjå etter nye måtar å dyrke havet på. Mange av våre aksjonærar var med og etablerte oppdrettsnæringa, og vi trur at sjansen no er der for å lansere avleggjarar av denne næringa.

Interessert i emnet? Besøk Alger 2012

Tekst: Øyvind Kråkås