Søk i arkivet

Aktuelt

13 slakteri utestengde frå Russland

Mellom dei er eit eigd av Salmon Group aksjonærar.

Rykta gjekk i eitt under sjømatmessa i Brüssel sist veke om kva restriksjonar russiske styresmakter brygga på denne gongen. Eit varsel sa at all import av laks frå Noreg kunne bli stogga. Så ille vart det ikkje, men det vart ille nok.

No er 13 norske lakseslakteri utestengde frå den russiske marknaden, gjeldande frå 5. mai. Deriblant finn vi Hardanger Fiskeforedling, som er eigd av Salmon Group aksjonærane Lingalaks AS og Tombre Fiskeanlegg AS, samt Norway Royal Salmon. Dei andre slakteria er:

• Martin E. Birknes

• Minstream Norway, avd Skutvik

• Pundslett Laks

• Nils Williksen

• Alsvåg Fiskeprodukter

• Nova Sea

• Sekkingstad

• Hofseth AS

• Bremnes Seashore

• Austevoll Lakseslakteri

• Slakteriet Brekke

• Vikingfjord, Tysnes

Russland har så langt i år vore den viktigaste eksportmarknaden for norsk laks, og er dessutan den viktigaste marknaden for aure.

Tekst: Øyvind Kråkås