Søk i arkivet

Salmon Blog: To messer, eitt produkt

Den siste veka deltok Salmon Group først på European Seafood Exposition i Brüssel, og deretter på FylkesFlora i Florø. To ulike messer, den eine i verdsformat, den andre på fylkesnivå. Men produktet vi frontar er det same over alt.

Messa i Brüssel er eit av dei viktige kontaktpunkta i sjømatnæringa. Her møtast alle ledd i rekka, og kan utveksle erfaringar, opplevingar, idear og ei god historie. Det som har vore assosiert gjennom etikettar, logoar og slakterinummer, vert no til levande menneske. Her føler ein verkeleg det Salmon Group har hevda; laksen er raskaste vegen til verda. Alle kjenner norsk laks, han er vårt fremste varemerke som nasjon.

Og laksen kjem i alle former på messa, frå sushi til postei. Heile fiskar, flotte filetar, porsjonsstykke og ferdig foredla produkt lyser mot ein frå alle kantar. Og norsk sjømatnæring gjere seg tydeleg merka i dei store messehallane. Nesten ein heil hall har berre norske utstillarar. Møter du ikkje kjendsfolk på ein runde mellom rekkene, så kjenner du ikkje næringa. Der er folk frå alle ledd i den norske laksenæringa som tek turen til EU hovudstaden denne veka. Ein glimrande sjanse til å føle på kor langt den norske laksen når. Tankar å varme seg på når arbeidsdagane vert lange og kalde her nord.

Ikkje før var vi heime frå Brüssel, så rigga vi oss med stand på messa FylkesFlora. I storhallen i Florø baud dei kvikke karane i Hipp Hipp Flora på fylkesmesse, og då er sjølvsagt laksenæringa ein aktør som må vere på plass. Og laksen er viktig både for Florø og for fjordafylket. Så viktig at vi har sett av ein eigen dag til han i juni. Vi nytta helga til å profilere Laksens Dag, næringa og yrkesretninga. Mange ungdomar var innom standen vår, og forhåpentlegvis vil ein del av dei finne vegen inn i laksenæringa, anten det blir til oppdrett, eksport, logistikk eller andre stader der laksen må passere på sin veg til marknaden.

Noreg er ikkje berre verdas suverent største produsent av atlantisk laks, vi er og den største kunden av norsk laks. Ikkje alle veit at nordmenn er dei som et mest norsk laks av alle land. Dette har lett for å bli gløymt i alt snakket om eksportverdiar og nye marknader. Sjølvsagt går det meste av laksen ut av landet, men ikkje noko anna enkeltland kjøper so mykje som det som vert att på norske bord. Difor er det viktig at vi tek vare på heimemarknaden. Det gagnar næringa, men og folkehelsa. Nordmenn har enno eit stort potensiale til å nytte meir fisk i kosthaldet.

Det skal ha vore ein sogning som sa at med sognamål kan du klare deg like til Konstantinopel, men då er det jamt slutt. Med laksen kan du klare deg kor langt du vil i verda. Og verda vil ha meir norsk laks. Vi må berre ivareta kvaliteten, så vil kokkar over heile kloden gjere æra på produktet.

Tekst og foto: Øyvind Kråkås