Søk i arkivet

Salmon Group stiller på stand under FylkesFlora

FylkesFlora er ei næringslivsmesse som går av stabelen i storhallen i Florø 28. og 29. april. Det er venta over 100 utstillarar og kring 4000 besøkjande. Salmon Group stiller for å promotere laksenæringa og Laksens Dag.

Salmon Group har stand saman med ei rekkje lokale lakseselskap frå Sogn og Fjordane. Vi oppmodar gamle og nye vener om å besøkje oss på standen.

Tekst: Øyvind Kråkås