Søk i arkivet

Salmon Blog: Arealavgift eller lakseskatt?

Kampen om attraktivt kystareal er ofte argumentet frå kommunane for å pålegge ei såkalla arealavgift. Men i dei konkrete forslaga til utforming av denne, spelar areal ei mindre rolle. Der minnar det meir om ein rein lakseskatt.

Skattesystemet i Noreg er bygd opp slik at innbyggjarar betalar skatt til kommune, fylkje og stat. Verksemder betalar skatt til staten. Ein del av pengane som staten samlar inn, kjem att til kommunane, målt mellom anna etter innbyggjartal. Den beste valutaen ein kommune kan ha, vil difor vere innbyggjarar. Og folk må ha arbeid.

Nokre kommunar har store industrianlegg som betalar eigedomsskatt, målt etter verdien på anlegga. Etter kvart som anlegget vert nedskrive, minkar skatteinngangen. Mongstad-anlegget er eit kjent døme på slike anlegg, Ormen Lange og Melkøya er andre industriområde som skaffar kommunar store skatteinntekter. Og for oppdrettsutstyr har ein høve til å krevje slik skatt, men dette vert hevda å ikkje vere ”nok”. Nok i høve til kva? Nok i høve til det offeret kommunane yter ved å legge tilrette areal for havbruk.

Sogn og Fjordane fylkeskommune har eit vedtak frå fylkestinget om at ein ynskjer ei ”arealavgift”, ein ekstra skatt på havbruksareal. Fordi der er andre som ynskjer å nytte det same arealet. Men slik ein kan forstå det, skal eventuelle andre ikkje betale avgift for å nytte arealet. Avgifta skal berre gjelde for bruk til oppdrett, og berre til oppdrett av laks. Torskeoppdrettarar vert ikkje rekna som betalingsdyktige nok pr i dag.

Havbruk er matproduksjon. For jordbruket vernar ein i dag areal, frå næringar og andre interesser som kunne tenkje seg å betale meir for arealet. Frå lakseoppdrett vil ein krevje beskyttelsespengar. Fordi ein, stikk motsett, meinar at det er den næringa som er best i stand til å betale for arealet. Altså må vi kunne konkludere med at der ikkje finst kommersielle konkurrentar til dette arealet, sidan ingen andre vert rekna med å kunne betale avgift for å nytte det. I så fall er konkurrentane anten fritidsinteresser, eller næringsinteresser med låg betalingsevne.

Så kjem forslaget om ei avgift på sjølve laksen, målt ved slakting. Denne har modell frå Skottland. Eg kjenner ikkje det skotske skattesystemet, men det som er heilt opplagt, er at ein kan ikkje berre seie at ein skatt som er nytta i eitt land, bør og nyttast i eit anna. For det er uansett det totale skattetrykket som påverkar næringa si konkurranseevne, ikkje kva ein kallar dei ulike skattane, eller kven som krev dei inn. Det vi veit er at Noreg har eit høgt kostnadsnivå, og mykje av konkurranseevna går allereie der. Dei maritime arbeidsplassane har vorte rekna for so viktige at ein har nytta særeigne tiltak for å verne konkurranseevna. Hos havbruket vil ein svekke ho.

Utbytet frå havbruksverksemder vert nytta som eit argument for at næringa ”har råd til å betale”. Men havbruksverksemder betalar alle sine selskapsskattar på same vis som andre verksemder. Kvar er grensa for at ekstraskattar skal innførast? Og kva med år då det går mindre bra? Chile er på full fart attende, og lakseprisen er nede på eit meir marginalt leie. Skal dårlege år gå til frådrag? Skal investeringar i eiga verksemd og teknologiutvikling gå til frådrag?

Ikkje i fylgje forslaget om avgift på sjølve laksen. Denne skatten vil ikkje stimulere til teknologiutvikling eller minska arealbruk. Det er heller ikkje lett å sjå at det skulle gjere begjæret om dei same areala noko mindre. Om noko vil lakseoppdrett fortrenge enno fleire aktørar. Kven skulle til dømes ynskje å legge til rette for avgiftsfritt torskeoppdrett når der vert avgift på lakseoppdrett? Akkurat denne effekten vil jo vere grei for lakseoppdrettarane, men han vil skjerpe det problemet ordførarane hevdar at dei ynskjer å løyse.

Så langt har faktisk arealbruken i havbruket gått i ei temmeleg rett stripe mot det betre. Ein produserar meir fisk på areala ein nyttar, og ein nyttar ikkje lenger lune bukter og vikar til oppdrett. Andre typar anlegg og annan type kunnskap har teke havbruket ut i dei stride straumane. Kva areal er det kommunane ser føre seg å kunne tilby, berre dei får pengar for det? Kva interesser er det ein skal overby med lakseskatten?

Matproduksjon er ikkje eit lokalt omsyn i våre dagar. Det er heller ikkje skattetrykket på aksjeselskap. Kommunane burde vende seg mot statskassen dersom dei ynskjer betalt for havbruksarealet. Der går enorme summar inn frå havbruket, og frå andre lønsame næringar. Å konkludere med at næring som går godt, ergo ikkje er høgt nok skattebelagd, er ein farleg veg å gå. Over tid vil ein gjerne oppleve at dei totale skatteinntektene frå næringa svinn, og det er trass alt kroner ein betalar med, også i kommunekassen, ikkje prosentar. Kva har ein oppnådd då? Sannsynlegvis berre at meir av arealet ligg unytta. Er det målet?

Tekst: Øyvind Kråkås