Søk i arkivet

Laks er viktig på jazzkonsert

Eit godt næringsliv er grunnlaget for eit godt kulturliv. Det visste bandet Utvidet Stendertrio å markere under sin konsert på Fanøy utanfor Florø i helga.

Sist laurdag heldt bandet jazzkonsert for godt 60 menneske på Fanøy, og under dressjakker var bandet kledd i “Laks er viktig” t-skjorter. Etter kvart kasta dei jakkene og let dei flotte skjortene kome til sin fulle rett. Orkesteret har sitt utspring frå musikklinja på Sandane.

Sjå faksimile av oppslag i Firdaposten her: Blåtonar i havgapet

Tekst: Øyvind Kråkås Foto: Nils Tore Karstensen