Søk i arkivet

Klart for setjefiskmøte i Bergen 12. april

Påmeldinga har vore god blant SG sine setjefiskaksjonærar til fagmøtet på Neptun Hotell torsdag.

Møtet startar med lunsj klokka 12.00, og deretter blir det eit allsidig fagprogram, med tema som rømmingssikring, resirkulering, vaksinasjon og funksjonelle fôrtilsetningar. Fiskeridirektoratet, Provacc og Produs Aqua er mellom bidragsyterane til møtet.

I eit internmøte avslutningsvis vil SG gjere greie for den nye setjefiskavtalen på fôr. Etter dette vert der middag og meir uformell erfaringsutveksling utover kvelden.

Tekst: Øyvind Kråkås