Søk i arkivet

Forslaga til Årets Gladlaks strøymer på!

Årets Gladlaks er ein pris som skal delast ut under Laksens Dag i Florø 16. juni. Under messa FylkesFlora i helga, inviterte vi publikum på standen til å kome med forslag til kandidatar. Og mange nytta høvet. 

Over 100 personar var med og føreslo, og 25 av dei vart trakte ut som vinnarar av premiar frå Laksens Dag. 5 vann kokeboka til Ole Jonny Eikefjord, fjorårets trekkplaster under arrangementet. 20 vann t-skjorter med “Laks er viktig” eller “Sett  sjøbein” logo .

Statuttane til prisen er at den skal gå til ein person eller organisasjon som har vore med og gjort Sogn og Fjordane til eit kjekt fylke å bu i. Den endelege vinnaren vil bli kåra av ein jury, med utgangspunkt i innkomne forslag. Det er høve til å føreslå kandidatar også vidare fram mot arrangementet.

Salmon Group, Marø Havbruk, Osland Havbruk og Norwell var med og bemanna standen på messa i helga. Oppmøtet på messa vart noko mindre enn både arrangørar og utstillarar hadde håpa på, men det vart ei positiv oppleving for dei som tok turen. Artisten Bjørn Jensen, kjend frå gruppa Salhusvinskvetten og frå samarbeidet med Tor Endresen, Ausekarane, underheldt på messa laurdagen, og tok seg god tid til ein prat på standen til laksegjengen før han skulle på scena.

Ved sidan av verksemdene på Laksens Dag standen, var og EWOS og Ocea Mercatus på plass med stands. Dessutan vart der seldt laks produsert ved Fjordameny, Gloppen Hotell, og også Quality Maritim Hotell i Florø baud på laks ved sin stand. Ei god og smakfull laksehelg med andre ord. Vi takkar arrangøren og alle frammøtte for messa. Vi sjåast igjen på Laksens Dag 16. juni.

Tekst: Øyvind Kråkås