Søk i arkivet

– For tidleg med gravøl for dei små oppdrettarane

Marine Harvest sjef Alf Helge Aarskog sine utspel om ei for ”fragmentert” oppdrettsnæring vart av mange tolka som eit åtak på dei små selskapa. – Det er vel litt for tidleg med gravøl for dei små enno, men det vert garantert utfordrande framover, seier Lars J. Halvorsen, som har forska på strukturendringar i oppdrettsnæringa.

Halvorsen er tilsett ved Møreforsking, og har mellom anna skrive artikkelen ”Frå krise til krise: institusjonell utvikling og konkurranse i norsk fiskeoppdrettsnæring, 1991-2003”. Der går han systematisk gjennom korleis dei strukturelle endringane i næringa har funne stad, med mellom anna miljøomsyn og marknadsstabilitet som påskot, og staten som ein god pådrivar for færre og større selskap.

Lars J. Halvorsen opplyser at han har jobba lite med dette spørsmålet etter 2006, men har likevel nokre overordna tankar på spørsmål frå SG om kor vidt dei små oppdrettarane sine dagar snart er talde.

– Innan organisasjonsforsking er det eit kjent problem at ein, utan vidareutvikling og profesjonalisering på eigarsida, taper terreng etter nokre generasjonar. Kort og godt er det ikkje sikkert arvingen eignar seg som daglig leiar. Det blir slik sett spennande å sjå korleis 3.-4. generasjonsoppdretterne lykkast. Her kan nok suksessraten henge saman med i kva grad dei nye generasjonane held tritt med kunnskapssamfunnet gjennom utdanning etc. utan å miste fokuset på detaljane ved drifta, seier Halvorsen, og legge til; – eg trur også generasjonsskifte vil være ein viktig katalysator for konsolidering i bransjen.

Utover dette ser han ingen operasjonelle grunnar til at ikkje mindre selskap skal kunne drive oppdrett også i åra framover, så framt ein klarar å halde tritt med auka rapporteringsplikt og andre meiroppgåver som gjere seg gjeldande. Han peikar på at dei mindre selskapa som framleis driv, truleg er godt situerte kva gjeld gode lokalitetar og effektiv drift.

Halvorsen meinar nettverk som Salmon Group historisk sett har vore ein god måte å møte konkurransen med storselskapa på.

Tekst: Øyvind Kråkås