Søk i arkivet

Brüssel bugnar av laks

Laksen dominerar utstillingane i Brüssel. Eksportørane melder om ein attendegang i besøket frå i fjor, men like fullt myldra det med menneske frå heile verda som ynskjer norsk laks.Dei norske utstillarane fyller nesten ein heil hall på messa, og laksen vert synt fram i alle tenkjelege variantar. Messa er eit viktig møtepunkt mellom marknad og leverandørar, og alle dei store norske eksportselskapa har stand på messa. Dei melder om noko mindre besøk enn tidlegare, men like fullt har der vore stor aktivitet.

Mellom all den flotte laksen som vert synt fram, er der og eit og anna bilete frå heimlege trakter å sjå. For oss i Salmon Group varmar det nok mest å sjå foto av Svanøy Havbruk sitt oppdrettsanlegg, som utgjere heile bakveggen på Skaar Norway sin stand.

Også Norwell fokuserar på Sunnfjordske motiv. På biletet øvst kan du skimte den særprega fjellformasjonen Kinnaklova.

Tekst: Øyvind Kråkås