Søk i arkivet

Bli med på å kåre Årets Gladlaks!

Laksens Dag i Florø 16. juni vil by på prisutdelinga Årets Gladlaks. Vi ynskjer å ære ein person som har bidrege til at Sogn og Fjordane er eit kjekt fylke å bu i.

Du kan vere med å føreslå kandidatar. Ein jury vil avgjere kva for ein kandidat som blir Årets Gladlaks. Vinnaren får ein kunstpremie, samt heider og ære. Utdelinga vil skje under Laksens Dag på Torget i Florø 16. juni. Fristen for å føreslå kandidatar er 1. juni.

Føreslå kandidatar på e-post til Øyvind Kråkås; oyvind@salmongroup.no , eller på Laksens Dag sin stand under FylkesFlora. Blant dei som føreslår kandidatar, vil der bli trakt ut vinnarar av bokpremiar og Laks er viktig t-skjorter. Første trekning blir under FylkesFlora.

Tekst: Øyvind Kråkås