Søk i arkivet

Frode Aga kjem til Laksens Dag

Laksens Dag i Florø 16. juni er godt i rute med planlegginga, og  vi er spesielt glade for å kunne meddele at kokken og humoristen Frode Aga har takka ja til å delta.

I år som i fjor vil Laksens Dag vere eit gratisarrangement på Torget, og Aga vil bidra med underholdning og servering av laks. Frode Aga er ein av våre mest folkekjære kjendiskokkar, og har oppnådd ein stor fanskare mellom anna gjennom NRK programmet Antikviteter og Snurrepiperier, som han laga saman med Kjell Fuglehaug.

Tekst: Øyvind Kråkås