Søk i arkivet

Salmon Group på karrieredag

Den nystifta Linjeforeininga for fiskehelse og havbruksbiologi ved UiB, LFFH, inviterte til karrieredag på Høgteknologisenteret 16. februar. Salmon Group deltok med bedriftspresentasjon og stand.

Ei rekke verksemder; oppdrettarar, fôrselskap og farmasiselskap hadde møtt opp, og i tillegg var forsking, forvaltning og miljøorganisasjonar representerte. Opplevinga var kjempepositiv. Studentane møtte opp i stort tal, og var godt budde med spørsmål til utstillarane. Mange var ute etter å lodde sine sjansar til fast arbeid, nokre ynskte sommarjobb, medan andre var ute etter tips til val av masteremne.

Salmon Group ynskjer å styrke arbeidet med rekruttering, samstundes som vi ser dette som ein glimrande arena for møte mellom forsking, forvaltning og næring. Den typen felles møteplass er gull verdt for å snakke om framtida til næringa. Vi ser fram til eit godt samarbeid med Linjeforeininga framover, og ynskjer studentane lukke til!

Tekst: Øyvind Kråkås