Søk i arkivet

Kva er MTB?

Maksimalt Tillaten Biomasse er ordninga som i dag regulerar omfanget av eit løyve til oppdrett av laks og regnbogeaure. Med ein konsesjon fekk ein med MTB ordninga, innført 1. januar 2005, høve til å til ei kvar tid ha 780 tonn biomasse ståande i sjøen (med visse unntak i Troms og Finnmark, med 900 tonn per MTB). Dette avløyste ei ordning som sa 65 tonn fisk per 1000 m3 til ei kvar tid, og ein vanleg konsesjon var på 12000 m3. Også lokalitetane vart regulerte ut frå ei godkjent mengde MTB. Dess betre bæreevne på lokaliteten, dess fleire MTB vil du kunne få han godkjend for.

Også fôrkvotane vart fjerna i 2005, og produksjonsreguleringsregimet sto altså att med ein eins valuta; MTB. Desse retningslinene vert overvaka gjennom havbrukarane si eiga rapportering til styresmaktene. Produksjonssyklusen vil gjere at ein i periodar med mykje liten fisk, vil ligge godt under maksimal tillaten biomasse, medan ein i andre fasar vil få ei utslakting for å tilpasse seg MTB.

I diskusjonen rundt Hardangerfjordforskrifta, der ein ville fastsetje ein total MTB for fjordsystemet på 50 000 tonn, var problemstillinga teoretisk- og reell MTB mykje omtalt. Det synte seg at berre nokre få gonger i løpet av året, overstige total MTB 50 000 tonn. Ein meinte å kunne føre prov på at ved å flytte den teoretiske MTB grensa ned dit, ville den reelle produksjonen bli justert ned mot 30 000 tonn ståande biomasse. Dette ville vere eit dramatisk produksjonsfall for industrien i regionen.

MTB har vore ei forenkling av regimet for konsesjonsregulering. Likevel er mange kritiske til denne ordninga, fordi ho påverkar marknaden for fisk negativt ved såkalla MTB slakting; store mengder fisk som kjem på marknaden til ugunstige tidspunkt på grunn av justering mot MTB. Berekninga av ståande biomasse skjer på grunnlag av fôrforbruk, utslakting og tap i produksjonen. Berekninga blir ei stipulering, og ein ser av Selsøyvik- domen at der ikkje må reknast med større nøyaktigheit enn ein feilmargin på 5%. Fisken si evne til å omdanne fôr til vekst, vil vere eit springande punkt.

Tekst: Øyvind Kråkås