Tankar etter Tekna kurset “Marin ressursutnytting”: Kva er framtidas næring?
Oppdrettsnæringa møter stadig krav til å fornye seg, og blir bedt om å løyse driftsutfordringar med å skifte til komplett nye teknologiar. Også i andre sektorar, til dømes energiproduksjon, snakkar ein om at ”grøn teknologi” skal skape betre arbeidsplassar og eit betre miljø. Kva er det som avgjere kva som blir framtidas næringar?
For å svare på dette kan det vere nyttig å sjå på kva som var fortidas næringar. Grovt sett deler vi verdshistoria inn i tre epokar; jeger- og sankar samfunnet, jordbrukssamfunnet og industrisamfunnet. I dag snakkar ein og om det post-industrielle samfunnet, der teknologi overtek mykje frå tradisjonell industri. Eller som ein rutinert røktar på eit oppdrettsanlegg sa det; ein har gått frå handverkar til operatør.
Desse sentrale skifta i menneska sine livs- og arbeidsvilkår, har markert store endringar i høve til mattilgang, levealder og levestandard. Delvis kan ein sjå desse forskjellane illustrerte i delar av verda som har hatt eit seinare skifte i ”system”. I fattige delar av verda er mange enno sjølvbergarar. I Noreg var delvis sjølvberging, gjerne med ein kombinasjon av jordbruk og fangst, vanleg til ei god stund etter krigen. Med tilgang på vasskraft og etter kvart olje, utvikla samfunnet seg mot lønsarbeid for dei aller fleste.
I overgangsfasane hadde mange fleire yrke, og ein meir variert arbeidsdag på godt og vondt. Etter kvar som fleire fekk utdanning og vart meir reindyrka i sin profesjon, vart typiske deltidsnæringar lite attraktive og mindre levedyktige. Mekanisering, og etter kvart automatisering erstatta ein del manuelt arbeid. Høgare lønsnivå, ikkje minst på grunn av oljeindustrien sin framvekst, vart med og skunda fram prosessen med færre manuelle arbeidsoppgåver.
Noreg har i dei siste tiåra opplevd ei betre økonomisk utvikling enn dei fleste andre land, og vi har ei høg sysselsetjing. Mange av dei mindre attraktive oppgåvene må vi difor hente folk frå andre land for å utføre. Andre oppgåver har tvert imot blitt flagga ut til andre land. Næringar som skal etablere seg i Noreg i dag, vil dermed merke at det langt på veg er arbeidstakars marknad for å velje seg utdanning og oppgåver. Ein kan snakke mykje om at verdigrunnlag, variasjon og det sosiale på arbeidsplassen er viktige element for å trekke til seg folk, men det er liten tvil om at også avlønning og avspasering er svært viktige trekk hos dei mest populære arbeidsgjevarane.
Oppdrettsnæringa har utvikla seg litt motstraums til ein del anna. For det første er ho lokalisert ute på bygdene, for det andre er ho ei primærnæring og for det tredje leverar ho nesten utelukkande til konkurranseutsette eksportmarknader. Ho har vakse seg større med eit utgangspunkt det stort sett har blitt mindre av i Noreg. Likevel har ein stort sett klart å skaffe nok arbeidsfolk, så langt.
Framtidas næringar vil basere seg på framtidas verdsøkonomi, og nett no står den fram som noko usikker. Kina og andre asiatiske land, har så langt overteke mykje av den arbeidskrevjande industrien, men det er ingen grunn til å tru at dei tek til takke med det. Velstandsvekst fører til fleire høgt utdanna som vil kunne ta opp konkurransen på meir spisskompetent hold. Det er ikkje sikkert vi er smarte nok til å parkere dei for lang tid. På si side har dei fortrinn med eit foreløpig langt lågare lønsnivå, og nærleiken til store kundegrupper.
No har Noreg aldri vore midt i folkehavet, våre fortrinn har tradisjonelt vore naturressursar og vår evne til å utnytte dei. Skog, fisk, malm, kol, vasskraft, olje og gass har vore premissgjevande for den norske økonomien. Ikkje dermed sagt at ikkje mange nordmenn har jobba med heilt andre ting, velstadsvekst avlar differensiering i næringslivet. Likeins vil svikt i sentrale næringar raskt ramme utover i næringskjeda.
I Noreg snakkar ein altså i dag om korleis høgst velfungerande næringar må ta sikte på å endre seg og gjerne byggjast ned for å få lov til å drive i det samfunnet vi ynskjer oss. Naturvern er eit viktig argument i denne tankegangen. Urørt natur blir framheva som den største norske ressursen. Noreg har mykje urørt natur, men vi og spreidd busetnad. Busetnaden har sitt rotfeste i det samfunnet vi hadde før industrien, då folk måtte ha tilgang på areal for sjølvberging og hausting frå naturen.
Løysinga på å behalde både urørt natur og spreidd busetnad er ofte sagt å vere turisme. Mange gode jobbar og stolte arbeidstakarar finst i dag i turismen, men at dette skal bli ei vekstnæring som erstattar råvareproduksjon og industri, er det ein del forhold som talar imot. For det første består turistnæringa mykje av den typar jobbar som nordmenn ikkje vil ha. Svenskar har vore ei naudsynt arbeidshjelp for mange turistverksemder i mange år. Turisme er arbeidsintensivt, lågt løna, byr på lange dagar og seine kveldar, og føregår i hovudsak i sesongar då folk ynskjer å ha fri. Turisme er ikkje enkle pengar, og krev ikkje først og fremst spesiell utdanning, men spesielle mennesketypar.
I distrikta vert sesongane for korte og tilboda for få til å tene mykje pengar og brødfø mykje folk i turismenæringar. Verksemder som lokale hotell og restaurantar er viktige for anna næringsliv, men ikkje eit alternativ til anna næringsliv. Det er ein bakvendt og fattig ide å tru det. Der er ikkje no ferie i verda til å klare det. Dessutan er Noreg eit høgkostland. For store delar av verdas folk er det altfor dyrt å feriere i Noreg.
Det er derimot god grunn til å tru at også framtidas dominerande næringar vil vere næringar der vi utnyttar naturressursar til råvareproduksjon. Truleg vil vi kunne byggje opp andre ressursar enn i dag. Dyrking av andre artar er ein moglegheit. Men det skal godt gjerast at dei har det same potensialet som lakseoppdrett. Meir effektiv lakseproduksjon er ein moglegheit. Men der må vi samstundes vakte oss for å satse på meir bruk av ressursar som der er knapt av eller vi er for dyre på.
For å halde oppe stordriftsfordelar og effektiviteten i oppdrettsnæringa i framtida, er det viktig at nye løysingar er meir teknologiske enn teknokratiske. Og først og fremst må dei vere praktiske. At næringa skal flytte på land, er det nesten ingen som trur på. Dette har med to ting å gjere, det eine er kostnaden ved å pumpe sjø på land, det andre er at arealtrongen passar dårleg i hop med konfliktnivået ein alt har om sjønært landareal. Påvekstanlegg i sjø vil venteleg kome. Teknologiutviklinga er godt i gang her, energikostnadane er ikkje til å gå i dørken av, fordelane med ei meir stabil og kontrollerbar sjøsetjing av smolten er mange. Dessutan vil venteleg slike anlegg kunne ta i bruk ein del areal som ikkje er eigna til produksjon i opne merdar. Lukka anlegg for heile laksen sitt livsløp er truleg mykje lenger fram. Det er heller ikkje sagt at det er so ynskjeleg, dersom perspektivet er aktivitet i Noreg.
Truleg vil og mange små innovasjonar vere med og prege framtidas næringar. For oppdrett kan det dreie seg om betre og nye vaksiner, meir effektiv lusebehandling og førebygging, nye gjennombrot på fôrsida, nyvinningar innanfor nøter og anlegg, og truleg meir automatisering i alle ledd gjennom heile kretslaupet. Det som vil vere kvitstripa ein må køyre langs heile vegen framover, er at der framleis skal vere god lønsemd, kostnadane må ikkje få skubbe oss av vegen.
Kjetil Alstadheim, journalist og spaltist i Dagens Næringsliv, skreiv nyleg i ein kommentar; ”det er ikkje så godt å seie kvar dei grøne arbeidsplassane kjem i framtida”. Det er eit viktig poeng. Sjølv om vi skulle satse alt vi har på teknologi som skal gjere framtida grønare, er vi ikkje trygge på at det er denne teknologien blir den gjeldande, og om vi i so fall får ha han i fred. Heile mennesket si historie har handla om å utnytte naturen. Truleg vil det og i framtida vere ein nøkkel å utnytte naturlege fortrinn.