Svanøylaksen svært populær i Tyskland
Akevittmarinert laks frå Svanøy Røykeri slo godt an på Grüne Woche i Tyskland. ” Historien om tre generasjoner kvinner som driver røykeriet på Svanøy hovedgård etter gamle tradisjonelle oppskrifter går rett hjem hos matglade tyskere”, melder Landbruks- og matdepartementet på regjeringa sine nettsider.
På standen til Fjord-Norge deltok Svanøy Røykeri saman med andre lokalt baserte matprodusentar og ein del reiselivsaktørar med lokalmat som satsingsområde. Smaksprøvar av akevittmarinert laks vart serverte saman med flatbrød og rømme. Der var og råd å kjøpe bitar med akevittmarinert laks. Pågangen var upåklageleg.
” Inntrykket vi sit att med er at tyskarar er veldig glade i laks. Enkelte er opptekne av om dette er villaks eller oppdrettslaks, men når vi fortel om produksjonen og det strenge regelverket rundt det å kunne produsere laks i Noreg, ønskjer dei å kjøpe”, seier Elin Tveit Sveen, som har jobba lange dagar på standen for å fremje norsk laks og lokalmat.
Svanøy Røykeri er ei foredlingsverksemd basert på Svanøy i Flora kommune. Verksemda har etter kvart fått ei lang historie som lokalt basert merkevareprodusent. Med laks frå eigne anlegg, satsa familien Sveen på lokalmat lenge før dette vart ein trend i Noreg. I desse dagar held ein på med ei utbygging av røykeriet. Det er dotter til Elin Tveit Sveen, Gro, som er dagleg leiar ved foredlingsverksemda. Råvareproduksjonen tek Elin og mannen Trond seg av i selskapet Marø Havbruk AS, som er ein del av Salmon Group.
Tekst: Øyvind Kråkås
Les saka til Landbruks- og matdepartementet
Besøk Svanøy Røykeri sin nettbutikk