Svanøylaks til Grüne Woche

Verdas største matmesse, Grüne Woche i Berlin, er nok kjend for mange sjømatinteresserte. Takka vere Svanøy Røykeri, vert det i år råd å smake laks frå Salmon Group på messa.

Messa har eit publikum på rundt 400.000 menneske, og 1500 utstillarar frå 60 land. Svanøy Røykeri stiller ut saman med ein del andre norske matprodusentar under paraplyen “Mat frå Fjord-Norge”. Svanøy Røykeri er eigd av familien Sveen, som og eig og driv matfiskoppdrettaren Marø Havbruk. Gro Sveen er dagleg leiar i selskapet, som foredlar laks på Svanøy med hjelp av lokale råvarer. Grüne Woche opnar 20. januar.

Tekst: Øyvind Kråkås

Besøk sidene til Svanøy Røykeri

Les oppslag på Firdaposten.no