Sheriff-tilnærming skaper fastlåst samarbeidsklima

Utsegna  om ”stadig fleire sheriffar” som skal ha sitt å seie om oppdrettsnæringa, kom frå Gerhard Alsaker under AqKva konferansen på Stord 19. januar. Uttrykket var eit tilsvar på miljøvernleiar hos fylkesmannen i Hordaland, Terje Aasen, sitt utsegn om at der stadig er mange cowboyar i næringa. Metaforikken kan vi ha mykje moro med, men det ein eigentleg snakkar om, er eit alvorleg problem.

Der er mange som skal halde tilsyn med oppdrettsnæringa. Fylkesmannen, Fiskeridirektoratet, Mattilsynet, Arbeidstilsynet og KLIF er mellom dei som hyppig gjestar anlegga for å sjå til at alt er i orden. Oftast er dette konstruktive prosessar, der ein i fellesskap inspiserar ståa og går gjennom den dokumentasjonen som verksemda fører. Men ved nokre tilfelle ender verksemda og den inspiserande etaten opp i nærast ei konflikt.

Årsaka til slike situasjonar vert frå oppdrettarhald som regel grunna med at gjestene innteke ein autoritær, pedantisk og lite omgjengeleg tone. Utskrivne avvik og reaksjonar vert opplevde som problemsøking og medbrakt uvilje, eller baserte på manglande kunnskap og innsikt. Når slike situasjonar oppstår, gagnar det ingen, og aller minst dei tilhøva som den aktuelle etaten kom for å få kunnskap om.

Mattilsynet sentralt tek no initiativ til å betre sine evner til samarbeid, gjennom auka kunnskap. Dette er eit steg i rett lei, og bør vere til inspirasjon for andre. Både tilsynet og næringa byrjar å få erfaring med deira revisjonar, og ein kan saman gjere sitt for at arbeidet skal vere nyttig og effektivt. Mindre erfaringar har ein med KLIF, og då desse saman med fylkesmannen gjorde sine revisjonar sist vår, opplevde mange det som ullent kva dei eigentleg var ute etter. Som ein oppdrettar uttrykte det; ”Om ingen har svart rett på spørsmålet, må det vere lov å lure på om det er godt nok stilt?”

Alle oppdrettarar er pålagde å ha eit fullgodt internkontrollsystem, og det vert jobba i verksemdene for at systema skal leve i drifta, og samstundes sikre tilgjenge for innsyn. For at dette skal vere mogleg, må samforståinga mellom verksemd og tilsynsinstans vere god, ein må kjenne idealet for å kunne arbeide opp mot dette. I tilfelle der prosessane bak blir so viktige at det overordna målet forsvinne, har ein mislukkast. Miljøtilstanden var svært god ved dei fleste lokalitetar, men KLIF var meir opptekne av papiret der det sto kvifor miljøtilstanden var svært god. Dette var uproduktivt, det kasta kol på god framferd og sunn fornuft, og det svekka tilliten til både tilsynet og deira tilsette som vitja anlegga.

Ideelt sett skal forvaltning, tilsyn og næring gå hand i hand mot eit felles mål; ei velfungerande næring som driv innanfor best moglege rammer. Når mistanken festar seg at der ligg personlege og politiske agendaer bak det arbeidet som vert føreteke frå styresmaktene si side, mistar desse truverdet hos næringa. Miljøvernleiar Terje Aasen si framferd på Stord, tyda på sterke personlege, politiske oppfattingar, utan at han under spørsmålsrunden etterpå på nokon måte levde opp til sine eigne krav til dokumentasjon. Slike scener er altfor lite uvanlege.

Les og: “Ein sheriff kom til Stord hotell”

Tekst: Øyvind Kråkås