Sekkingstad med bok om si historie

Ettersom åra har gått, har fleire verksemder i laksenæringa funne det interessant å få si historie samla mellom to permar. Ferskast ute er Sekkingstad AS, som har ei historie om sjømateksport som er langt eldre enn oppdrettsnæringa.

Det var i 1923 at Konrad Sekkingstad, bestefaren til Sekkingstad-brørne som i dag styrer verksemda, tok til med hummeroppkjøp og sal, med 500 kroner i driftskreditt frå far sin. I dag er Sekkingstad AS, via utvikling om omvegar, blitt ei verksemd med milliardomsetnad.

Boka om familieverksemda på Sotra har blitt eit flott stykke litteratur, som fortel om hardt arbeid, satsingsvilje, innovasjon og ein del av dei fallgruvene som har vore der for både selskapet og næringa generelt i løpet av desse åra. Salmon Group gratulerar Sekkingstad med resultatet, og vil oppfordre flest mogleg til å lese dette stykket næringshistorie.

Tekst: Øyvind Kråkås