Salmon Blog: Open for kunnskap
Etter møtet om Hav 21 sist fredag, har diskusjonen om forsking blussa opp, akkurat slik ein kunne håpe på. Lars Horn frå Norges Forskningsråd sa frå talarstolen på møtet at der blei forska forholdsvis lite i marin næring, målt mot andre næringar. Vi bryr oss ikkje om kunnskap i kystnæringane, vert det hevda. På denne måten jamstiller ein forsking og kunnskap. Men kan forskarane sin manglande respekt for næringa sin kunnskap ha noko med dette å gjere?
Argument om at der må brukast meir pengar på forsking er noko av det mest vasstette du kan ytre i dagens Noreg, saman med satsing på utdanning og betre sjukeheimar. Du er ein ignorant om du ikkje vil satse meir på forsking. Og det høyrest ut som forskinga er ei maskin som spyr ut førsteklasses kunnskap berre ho får rikeleg påfyll med friske pengar. Så enkelte er det ikkje. Kunnskap kjem ikkje så lett.
Det vert forska på alt mogleg. Meiningar om kva det er viktig å forske på vil alltid vere politisk motiverte. Kva som er viktig vil alltid vere basert på den vinkelen du ser det frå. Floraen av viktige tema i norsk marin forsking synest å vere sesongstyrt, når det nærmar seg utdeling av friske forskingsmidlar, blomstrar det opp med problemstillingar. Ofte handlar det om å grave seg djupare i det holet ein alt står i med begge beina. Sjeldan blir det spurt kva problemstillingar næringane sjølve opplever som viktige. Å vende deg til eit stort, respektert fagmiljø med ei problemstilling utan å vere ein del av eit større forskingsprogram, kan du og berre gløyme.
Sjølvsagt må framtida byggjast på kunnskap. Men spørsmålet er kven som har kunnskapen og kven som veit kva kunnskap vi manglar. Vi må hugse at det ikkje er forskarane som har bygd opp havbruksnæringa. Dei har vore viktige å ha med, men det er dei som driv næringa som har tatt sjansane, initiativa og som har fått merke dei problema som det krev forsking å løyse. Kunnskapen som ligge ute i felten må vere viktig for dei som arbeidar på forskingsinstitusjonane. Då må det vere mogleg å kommunisere inn til dei.
Når Hans Inge Algrøy seier at forskinga til tider har verka meir hemmande enn drivande for oppdrettsnæringa si utvikling, er det og ei utsegn basert på kunnskap. Veldig mykje av forskinga som forvaltninga har stødd seg på, har hatt heilt andre utgangspunkt enn at havbruk er ei næring som skal vokse og utvikle seg. Ein av dei som reiste seg og tok ordet under Hav 21 møtet, sa at det ideelle volumet til lakseproduksjonen godt kunne ligge på halvparten av det ein produserar i dag. Noko sånt ideal eksisterar i alle fall ikkje på næringa si liste over alternativ. Forsking som tek utgangspunkt i at ein skal ta vekk dei produktive faktorane til ei næring, kan sikkert ha mange interesser og gje interessant kunnskap, men er heilt utanfor det ein kan rekne med at noka næring vil halde si milde hand over.
Den mangelen som mange frå næringa har følt på, er fråveret av eit prestisjefritt fora der forskarar, forvaltning og næring kan møtast og diskutere kva som er dei viktigaste utfordingane, og kvar det kan vere hensiktsmessig å setje inn støtet. Til dømes er ikkje lakselus eit hovudproblem, hovudproblemet må i så fall vere at villaksen blir borte. Så kan ein meine at lus er den viktigaste årsaka til at villaksen blir borte. Om villaksen ikkje blir borte, men tvert imot opplever eit stort oppsving, kan heller ikkje luseproblemet vere den viktigaste utfordringa.
Den austerrikske vitskapsteoretikaren Karl Raimund Popper, meinte at forskingsteoriar ikkje kunne verifiserast, berre til ein kvar tid bestå ved å ikkje bli falsifiserte under uttesting. Teoriar som ikkje let seg teste, var ikkje eigentleg vitskaplege. I møte med ein psykoanalytikar skal denne ha uttalt; ”dette veit eg, eg har sett det ved hundrefolds erfaringar”. Då svarte Popper; ”ja vel, og her har du i så fall din hundre og einfaldige erfaring”. Ut frå denne tenkemåten er det meiningslaust å legge tidlegare rapportar i tjukke stablar som støtte til eins eigne idear. Jamfør dette med mottakinga Jan Arve Gjøvik fekk då han gjekk gjennom dokumentasjonen som teoriane om lus som bestandsregulerande for villaks byggjer på, og hevda det stort sett berre var gjentakingar av gamle påstandar. Hundre og einfaldige erfaringar.
Forsking tek tid, og dette hemmar og forskingsmiljøa si evne til å vere problemløysande på ein ”brannsløkkjande” måte, eller alltid på linje med det dagsaktuelle. Like fullt må forskarar vere viljuge til å gje opp forsking når denne syner seg å leie inn på eit blindspor. Om ein har sitte og rekna på noko i ti år, og så ser ut av vindauget og finn ut at dette kan berre ikkje stemme, må ein ikkje falle for freistnaden å trekke for gardinene. Når forskarar nyttar sine eigne teoriar som ei sperre mot alternativ, har dei for stort ego, for mykje makt og for lite vitskapleg audmjuke. Kunnskap er meir enn vitskap, og kunnskapssamfunnet er ikkje ein reell samfunnsmodell, dersom ein ikkje klarar å omsetje kunnskap til produksjon.
For å hjelpe forskinga og forvaltninga vidare, bør Hav 21 medføre prosjekt som tek desse partane føre seg i ein samfunnsvitskapleg kontekst. Ein må sjå på korleis ein best kan bruke forsking, setje i gang forsking, kvalitetssikre forsking og eventuelt forkaste og avslutte forsking. Når resultata av dette kjem, er det ikkje sikkert hovudpoenget er at der må brukast mest mogleg pengar.
Tekst: Øyvind Kråkås