Salmon Blog: Ein sheriff kom til Stord hotell
Dei frammøtte i storsalen hadde so vidt fått søvnen ut av augo då ein svartkledd mann sparka opp døra. Det skulle bli henging ved soloppgang.
Fylkesmannen i Hordaland er ein mann som veit å setje seg i respekt, med breie skuldra, krøller som ein streng skriftlærd og eit målføre som høyrer ut som han kjem frå kvar som helst og ingen stad. Til Stord Hotell denne torsdagen i januar, kom hans deputy, miljøvernleiaren. På skjegg og kropp kunne du lett feiltolke han for å vere ein nisse i skuldersesongen. Men dialekten var rar og ubestemmeleg, som hos sjefen sjølv. Ein sheriff var komen til landsbyen Leirvik.
Salen var fylt opp til siste stol, og predikantane var linja opp. Stemninga var vestlandsk; mistruisk og kampklar. Dei slapp å vente so lenge før revolvermannen kløyvde lufta. ”Der er fortsatt mange cowboyer i denne bransjen!”, tordna han målretta frå podiet. Nokre rykte til; kven var denne knotande kamikazeflygaren?
Kamikaze er eit japansk ord, og tyder eigentleg ”guddommeleg vind”. Vinden som no hadde blåst seg opp på talarstolen ved AqKva konferansen, var i sanning guddommeleg, og han var komen for å refse dei overlevande frå orkanen Dagmar. ”Kan dere i det hele tatt lese eller skrive?!”, grubla han, i store bokstavar.
Sheriff Aasen kjende mismot ved det meste som havbruksnæringa driv med. Der er for mykje lus og ein avlusar for mykje. ”Dere får jo kjøpt disse miljøfiendtlige legemidlene over disk”, brumma han. Då fekk han spørsmål om kva han eigentleg meinte, reseptbelagt og på tilråding frå veterinær som det er. ”Jeg snakker om at dere får det i store mengder, mens jeg får medisinen min på små glass”, presiserte han. Hos nokre av dei frammøtte var det nok rimeleg tvil å spore om han i det heile teke hadde nådd å ta medisinen sin denne dagen.
Der var nokon som hadde snakka om ein fluktveg, over ei lita elv kalla Uskedalselva, men sheriff Aasen reid framfor og skar dei av; ”Dere trenger ikkje en gang å spørre om Uskedalselva”, snerra han. ”Den ligger så nærme havet at laksen unnslipper før lusa får satt seg!”. På spørsmål om kva forsking dette var basert på, viste sheriffen til den bombesikre kjelda FAGFOLK, og om nokon ikkje skulle la seg overtyde av dette trumfkortet, la han til; ”det er da også ganske logisk”.
Logikk er læra om reglane som gjere tenking, resonnering og argumentasjon gyldig. Ein kan seie at logikken er systemet for å trekke ein slutning. Det er på si side premissane til denne slutninga som avgjere om den er truverdig eller ikkje. Ein slutning kan vere induktiv eller deduktiv. Premissane for Aasen si ”ganske logiske” slutning var:
Premiss 1: Der er kortare frå Uskedalen til havet enn frå Guddalselva til havet. (2 km).
Premiss 2: Det er lus i fjorden som drepe utvandrande villaks.
Premiss 3: Der er betre oppgang av laks i Uskedalselva enn i Guddalselva.
Konklusjon: Det er avstanden til havet som er avgjerande for om lusa rekk å drepe laksen eller ikkje. Slutninga er induktiv.
I følgje den same, ganske logiske, sheriff Aasen, har ikkje kraftutbygginga i Hardanger hatt innverknad på laksen sine oppvekst og gytetilhøve i vassdraga. Dette fordi utbygginga ”skjedde før” laksefisket dabba av. Kva som skjedde etter utbygginga, med frekvenskøyring av elvar, er ikkje med i det logiske grunnlaget. Derimot er BKK med i grunnlaget for fylkesmannen sitt sheriffkontor.
Men sheriff Aasen var ikkje komen for å vise dokumentasjon, stjerna hans var dokumentasjon nok, meinte han. Derimot ville han gjerne sjå meir dokumentasjon. Til dømes på kvar ein oppbevarar brukte lyspærer. Nei, han ville ikkje sjå kassen dei blir lagt i. Han ville sjå papiret som fortel om kassen dei blir lagt i. Sjølve styringsdokumentet for handtering av brukte lyspærer, må vite. Nokre, men berre nokre få, lurte nok på om lyset hadde gått for sheriffen sjølv.
”Jeg likte i grunnen sheriffene best i de gamle western-filmene”, avslørte logikkprofessoren avslutningsvis. Og underteikna referent prøvde å minnast nokre av desse karakterane. Var det ikkje stort sett skyteglade brumlebassar med liten sans for rettsstatens tidtrøyte, og stor sans for effektiv domfelling basert på summariske rettssaker og å skape ro og orden gjennom skremsel og terror? Referenten på si side likte best cowboyane i desse filmane. De var humoristiske og snarrådige. Dei drakk og spelte poker. Men først og fremst, for det meste når ikkje kamera såg dei, passa dei på kveget. Førte det trygt fram til slakting. Det var difor ein kalla dei cowboyar.
Tekst: Øyvind Kråkås