Salmon Blog: Ei takk til dei som sel laks
Der vil alltid vere ei tautrekking mellom oppdrettaren og oppkjøparen om kven som skal ha den siste femøringen. Men når det gjeld dei tretti milliardane, er produsentane ei stor takk skuldig til eksportleddet.
Det er kanskje den største bragda i oppbygginga av norsk laksenæring, at der samstundes med at kostnadsnivået i landet har auka kraftig på, har blitt bygd opp ein enorm marknad på verdsbasis for noko så konkurranseutsett som mat. Kvalitetsbevisste nasjonar som Japan og Frankrike har teke norsk laks inn i sine mattradisjonar. Hard jobbing og mykje dyktigheit ligg bak desse resultata.
Det er ikkje lett å byggje opp eit produkt i eit høgkostland, utan at det vert kopiert og overteke av produsentar med andre rammevilkår, som gjerne sit nærare dei store marknadane. Det veit danskar som har satsa på vindkraftteknologi, og nordmenn som har satsa på solenergiteknologi. På matvaresida finst der ein del verdskjende produkt, ofte baserte på merkevarebygging, lenge opparbeidd kunnskap og naturgjevne føresetnader. Berre nokre få av desse produkta er uforedla råvarer. Norsk laks er eit av dei få.
Tidleg i 2011 synte TV2 programmet om korleis norsk laks fekk innpass i den krevjande, tradisjonsbundne japanske sushi-kulturen. Dette var eit salsarbeid som kravde tålmod, arbeidsvilje, kulturforståing og ikkje minst tru på produktet ein skulle selje. Eit nytt produkt med nye eigenskapar. I dag har sushi spreidd seg som ein ny mattrend over heile verda, og laksen har blitt med på lasset. Suksessen til dei norske utsendingane vart større enn nokon kunne førestilt seg den gongen.
Samstundes har den norske produksjonen av laks auka formidabelt, til dagens 1 million tonn. Sjølvsagt har der skjedd mykje i produksjonen som har lagt grunn til denne veksten; vaksineutvikling, fôrutvikling, teknologiutvikling og kunnskapsutvikling. Utvikling av verdas infrastruktur har gjort det mogleg å nå stadig nye kundegrupper med fersk fisk frå Noreg. På omsetnadssida skjedde nok den største endringa då kartellet FOS blei lagt ned, og ein fekk det som etter kvart truleg er landets mest velfungerande spotmarknad.
At lakseprisen svingar mykje, har komplekse samanhengar, men samsvarar og med at verdsøkonomien svingar mykje. Lakseeksporten har vakse gjennom Asia-krise, dotcom-krise, global bankkrise og no europeisk stasgjeldkrise. Alle desse krisene påverka kjøpekraft i viktige marknader, utan at det reiv beina under eksporten av laks. I dag, midt under nokre av dei hardaste taka i europeisk økonomi sidan 2. verdskrigen, vert der stadig sett rekordar i eksportvolum. Folk et laks, i konkurranse med mange billegare matvarer.
Kvar dag jobbar der mange menneske hos eksportørar, eksportrådet (eller Norges Sjømatråd som det no heiter), foredlingsindustri, butikkar og restaurantar med å selje meir norsk laks til konsumentar over heile verda. Ein lærar seg nye marknader, og tilpassar seg endringar i dei eksisterande. Dette er krevjande arbeid for alle involverte. Og det at so mange flinke folk gjere dette arbeidet, er ein av dei viktige føresetnadane for framtidig eksistens og vekst for norsk lakseproduksjon. Heile Noreg skal vere takknemlege for at denne jobben vert gjort.
Tekst: Øyvind Kråkås