“Opna for eit hamskifte i forvaltninga”
Gjekk du glipp av nyttårsintervjuet med Nils Inge Hitland på Intrafish? Her kan du lese det i sin heilskap.
Hvordan vil du karakterisere lakseåret 2011?
Motsetnadsfullt. Produksjonen har vore svært god, prisane har vore skuffande. Men vi skal vere nøgde med at so store volum vert plasserte i marknaden. Det lovar godt.
Hva var det som preget næringen i året som gikk?
- På produksjonssida var året prega av god tilvekst og låge lusetal. På den politiske sida var året prega av at villaksen kom attende, og at dette avkrefta mange av dei påstandane som har hengt over næringa. Dette har opna for eit hamskifte i forvaltninga, noko vi må kunne vente å sjå enno klarare resultata av i 2012.
Hva kan norsk oppdrettsnæring glede seg til i 2012?
- At menneske over heile verda kjem til å glede seg over gode, sunne laksemåltid. Og at vi sjølve blir stadig tryggare og meir bevisste i det arbeidet vi gjere. Norsk oppdrettsnæring har vist at vi kan utvikle oss, og har ein god sjølvtillit.
Hva blir de største utfordringene for norsk oppdrettsnæring i 2012?
- Å få Oslofolk til å forstå at landet si framtid ligg i å utnytte ressursane vi har på kysten. Krisa i Europa burde gjere det klårare for folk at vi må produsere varer som menneske alltid har bruk for, og utnytte naturressursane våre.
Hvordan vil du karakterisere miljøbevegelsens innsats når det gjelder oppdrett i 2011? Er de blitt mer til å leve med?
- Ein må alltid lære seg å leve med miljøbevegelsen. Spørsmålet har vel meir vore om delar av miljøbevegelsen over tid kunne stå ved sine eigne påstandar. Dei som ikkje kunne det, har blitt akterutseilte i 2011. Det er ikkje oppdrettsnæringa si forteneste, men desse aktørane sine eigne feilgrep.
Hvordan mener du media har dekt laksenæringa det siste året?
- Som alltid problemfokusert. Men så har og ein del oppdaga at landet ville hatt ganske mykje større problem om næringa blei borte. Journalistar har ofte for dårleg kunnskap om kva oppdrettsnæringa driv med og står for. Dette er det vår jobb å nå ut med.
Hvordan er oppdretternes stilling i opinionen? Tilfredsstillende?
- Den viktigaste indikatoren på det, er om folk ynskjer oppdrettslaks på bordet. Der er situasjonen svært god.
Hvilken ny strategi trengs for å gi laksenæringa bedre omdømme?
- Vi må bli enno flinkare til å fortelje om alt det riktige vi gjere, og vere opne og inkluderande. Så kan ein vanskeleg gardere seg mot at nokon har si inntekt av å skape splid mellom interesser.
Tror du at veksten i Chile kommer for sterkt og for fort? Frykter du at Chile vil gå på en ny ILA-smell?
- Situasjonen som oppsto i Chile kravde store endringar, i drifts- og tenkjemåtar. Ein kan aldri vere trygg på at dette har vorte teke eit grundig nok oppgjer med, men ein må håpe det.
Hvordan vil du at ny vekst skal skje og når vil den komme, realistisk sett?
- Ny vekst kan kome når som helst der som det er tilgjengelege areal for det. Og slikt areal finst der enno ein god del av. Så vil og teknologiutvikling og framsteg på fiskehelsesida kunne vere med og effektivisere produksjonen.
Kan de lave lakseprisene føre til nye dumpingbeskyldninger i EU og andre markeder?
- Nei, for det første trur eg prisen vil ligge på eit akseptabelt nivå, for det andre har både EU og andre marknader nok å tenkje på. Dei vil neppe belaste sin eigen foredlingsindustri med ei slik utestenging.
Tror du at USA vil oppheve straffetollregimet i 2012?
- Nei, vi må leve ut frå at det ikkje skjer. (Mot Salmon Group sin begrensa optimisme, vart det sist torsdag vedteke å oppheve straffetollen)
Hvordan tror du lakseprisen vil utvikle seg i 2012? Hva blir snittprisen i kroner?
- Vi trur på betre prisar i 2012. Godt marknads- og salsarbeid vil syne resultat neste år. Snittprisar blir det meiningslaust å spekulere i.
Har du et personlig budskap til IntraFish’ lesere ved inngangen til det nye året?
- Norsk sjømatproduksjon er eit eventyr. Verdas befolkning kjem til å ynskje meir sjømat i åra som kjem, og vi set vår ære i å produsere den. Norsk sjømat er eit kvalitetsmerke, og vi må ikkje vere redde for å markere det over alt kvar vi er i verda. Saman kan vi utvikle kyst- og fjordsamfunn, samstundes som vi leverar viktige og ettertrakta produkt.
Spørsmål: Intrafish
Svar: Nils Inge Hitland, dagleg leiar i Salmon Group AS